Informasjonsmøte om Nasjonal portal for bekymringsmeldingar (Fiks Bekymringsmelding)

Framside / portefølje/ Påmelding til aktivitetar / Informasjonsmøte om Nasjonal portal for bekymringsmeldingar

Når: 25. august frå 14:00 - 15:30
Kor: Teams
Arrangør: Digi Vestland og KS
Målgruppe: Tilsette i kommunar som ikkje har teke løysinga i bruk og tilsette i barnevernstenesta

Fiks bekymringsmelding er ei nasjonal teneste som gjer at innbyggjarar og offentleg tilsette kan sende bekymringsmeldingar til barnevernet digitalt. Løysinga skal sikre raskare og tryggare innsending av bekymringsmeldingar og betre kvalitet på innhaldet.

Løysinga består av to ulike skjema, eit for private meldarar og eit for offentleg tilsette. Meldarar loggar seg på portalen via ID-porten, fyller ut felta i skjemaet og sendar inn på ein sikker måte.

Kvifor bør kommunane ta tenesta i bruk?

Løysinga skal sikre enklare registrering, betre innhaldsmessig kvalitet og raskare sakshansamingstid for bekymringsmeldingar. Dette gir barnevernet moglegheit til å hjelpe ein auka andel av barn som treng det, samt sørge for at barn som har vanskeleg får hjelp raskare. I tillegg til dette skal registreringa av bekymringsmeldingar vere enklare tilgjengeleg for innsendarar. Tilsette i barnevernet får standardiserte bekymringsmeldingar med høgare kvalitet i innholdet, slik at systemet i større grad støtter tilsette med å hjelpe barn som treng det.

Utbreiing i Vestland

Det er framleis fleire av kommunane i Vestland som ikkje har tatt løysinga i bruk. Det er ønskeleg at fleire kommunar tek i bruk tenesta for å kunne hjelpe barn som har behov for det.

Informasjonsmøte

Digi Vestland inviterer til eit webinar om Fiks bekymringsmelding:

  • Presentasjon om løysinga frå KS

  • Erfaringar frå ein kommune som har tatt løysinga i bruk

  • Informasjon om eit felles innføringsløp i regi av Digi Vestland