Saman om digitalisering innafor plan, bygg og geodata

Webinar 18. juni 2020

Framside / Påmelding til aktivitetar / Saman om digitalisering innafor plan, bygg og geodata

Torsdag 18. juni 2020 inviterte faggruppa til eit webinar om digitalisering innafor plan, bygg og geodata.

Store nasjonale prosjekt innafor dei tekniske områdane vil påverke våre kommunar i tida framover. Dette er løysingar som skal forenkle og forbetre kommunane sine moglegheiter til å sikre gode plan- og byggesaksprosessar og betene innbyggjarar og næringsliv. Samtidig settast nye private byggesøknadsløysingar i produksjon.

Dei nye digitale tenestene krev tilpassingar i tekniske løysingar og infrastruktur, men vil òg påverke kommunane sine arbeidsprosessar og samhandlinga med innbyggjarar og næringsliv. Dette vil ha betydning for måten tenestene organiserast på og skal bidra til ein mer effektiv saksbehandling i kommunane.

Digi Vestland ved faggruppe for plan, bygg og geodata ønskjer å bidra til at kommunane er informert om utviklinga innafor området, nye nasjonale fellesløysingar som kjem og bidra til informasjon om nødvendige tiltak for ei vellykka innføring av nye digitale tenester. Som eit ledd i dette arbeidet ønskjer faggruppa framover å invitere kommunar i regionen til webinar med hensikt å spreie kunnskap og skape ein arena for felles diskusjon og spørsmål. Det første webinaret fant stad torsdag 18. juni 2020 frå 10:00 - 11:30, der faggruppa ga ein introduksjon til eiget verke og økosystemet for digitalisering innafor fagområdet.

Målgruppa for webinaret var kommunalsjefar, linjeleiarar og andre med eit særskilt ansvar for, eller forhald til, digitalisering innafor plan, bygg eller geodata i kommunane.

Spørsmål?

Har du spørsmål om webinaret eller andre tiltak innafor området? Ta kontakt med leiar for faggruppa, sjå kontaktinformasjon på faggruppas sider.

Sist oppdatert: 1. desember 2021