Informasjonsmøte om regionalt løft før påkopling til KS Min Side

Webinar 25. oktober 2021

Framside / Påmelding til aktivitetar / Informasjonsmøte om regionalt løft før påkopling til KS Min Side

KS Min side er ein sikker og personleg portal der innbyggjarar får tilgang til relevante digitale tenester frå alle kommunane dei har eit forhold til. Løysinga er eit viktig verkemiddel for å setje fart på digitaliseringa i kommunane gjennom å tilby brukarorientert digital dialog og sjølvbetening. Portalen legg til rette for at vi raskare og rimelegare kan utvikle og rulle ut nye tenester til innbyggjarar og næringsliv.

I dag er det få kommunar i Digi Vestland-samarbeidet som har tatt i bruk KS Min Side. Styringsgruppa i Digi Vestland meiner at dette kan bidra til å avgrense utnyttinga av eksisterande felleskomponentar og moglegheitsrommet for vidare utvikling av nye digitale tenester. Som eit verkemiddel for å få fleire kommunar til å ta løysinga i bruk, har styringsgruppa vedteke å starte eit felles regionalt arbeid for påkopling til KS Min Side. Kostnad for påkopling til løysinga blir dekt gjennom kommunane sin grunnfinansiering av Digi Vestland.

Tema før møtet var informasjon om kva KS Min Side er, kva tenester som finnast på Fiks-plattforma, plan for påkopling av kommunane, kva som krevjast av den enkelte kommune og plan for det vidare arbeidet med verdiauking av løysinga.

Alle medlemskommunane oppfordrast til å delta. Kvar kommune kan stille med fleire deltakarar om det er ønskeleg.

Spørsmål?

Simen Soltvedt

Sekretariatet i Digi Vestland, kontaktperson for webinaret
tlf: 97141707
E-post:
simen.soltvedt@bergen.kommune.no

Prosjekt KS Min Side

Sist oppdatert: 14. januar 2022