Webinar om datasjø

Webinar 30. november 2021

Framside / Påmelding til aktivitetar / Webinar om datasjø

Sekretariatet i Digi Vestland inviterte til eit webinar om datasjø 30. november 2021.

Datasjø - kva er det og kva kan det brukast til?

Datasjø, dataplattformn, datasky eller datapytt? Kjært barn har mange namn, men kva er det eigentleg, kva kan den bli brukt til og kva gevinstar kan det gje?

Vi inviterte Hildegunn Grindheim frå Bergen kommune til å fortelje om korleis dei har arbeida med datasjø, og vise eksemplar på bruksområde for løysinga. Føresetnader og suksesskriterier for bruk av datasjø som verkemiddel vart òg tema.

Gjenbruk i andre kommunar?
Sekretariatet ønska å finne ut om Bergen kommune si løysing kan bli brukt av andre kommunar i samarbeidet. På slutten av webinaret vil kommunane difor bli invitert til å forske vidare på hypotesen: "Vi kan gjenbruke Bergen kommune sin datasjø i andre kommunar i Digi Vestland og det vil gje gevinstar for kommunane".

Målgruppe

  • tilsette som jobbar med digitalisering eller innovasjon

  • tilsette med ansvar for prosessforbetring og gevinstar

  • andre tilsette som er interessert i temaet

Dokumenter

Spørsmål?

Simen Soltvedt
Sekretariatet i Digi Vestland, kontaktperson for webinaret
Tlf: 97141707
E-post:
simen.soltvedt@bergen.kommune.no

Sist oppdatert: 14. oktober 2021