Informasjonsmøte om Prosjekt Kobo

9. mars 2022 kl. 13.00 - 15.00

Framside / Portefølje / Informasjonsmøte om Prosjekt Kobo

Digi Rogaland og Digi Vestland inviterer til eit digitalt informasjonsmøte om Prosjekt Kobo - digitalt system for kommunale utleigebustadar

Når: Onsdag 9. mars 2022, kl. 13.00 - 15.00
Kor: Teams
Arrangør: Digi Rogaland og Digi Vestland i samarbeid med Husbanken
Målgruppe: Leiarar ved bustadskontor, avgjerdstakarar i kommunen og andre som arbeidar med kommunal bustadsadministrasjon

Kva er Kobo?

Prosjekt Kobo utviklar digitale løysingar, som skal gjere det enklare for innbyggjarar å søkje om kommunale utleigebustadar. Løysinga vil òg forenkle sakshandsaminga for dei tilsette og utarbeide statistikk knytt til kommunale utleigebustadar. Prosjektet er eit samarbeid mellom KS og norske kommunar, og føremålet er å forenkle prosessen med å søkje, tildele og administrere kommunale utleigebustadar.

Tilbakemeldingar frå pilotkommunane og andre kommunar som har meldt interesse, viser at Kobo-løysingane allereie no vil gje verdi for kommunar som tek løysingane i bruk. Tidleg bruk vil òg gje kommunen moglegheit til å påverke utviklinga av løysingane. Data som samlast inn gjennom bruk av Kobo vil bidra til at både kommunane sitt eiget datagrunnlag, så vel som det nasjonale datagrunnlaget kan byggast raskare og med auka kvalitet. Dette vil igjen bidra til betre avgjerdsstøtte for kommune og stat i utforming av politikk, tiltak og verkemidlar. Det vil heller ikkje påløpe lisenskostnad eller anna kostnad ved bruk av systemet i prosjektperioden.

Utvikling av dei digitale løysingane starta hausten 2020, og seks pilotkommunar har brukt løysingane sidan våren 2021. Løysingane utviklast fortløpande, og ein komplett minimumsversjon er forventa klar hausten 2023. På grunn av positive tilbakemeldingar frå pilotkommunane og stor etterspørsel frå ei rekkje kommunar, vil prosjektet starte trinnvis utrulling tidlegare enn planlagt frå første kvartal 2022. Meir informasjon finnast på husbanken.no.

Felles innføring våren 2022

Som eit verkemiddel for å få kommunar til å ta i bruk løysinga, er det beslutta at Digi Rogaland og Digi Vestland skal samarbeide med Husbanken om ei felles innføring av løysinga for kommunar i Rogaland og Vestland.

I informasjonsmøtet får du informasjon om kva Kobo er, erfaringar frå kommunar som brukar Kobo i dag, informasjon om påmelding, korleis kome i gang med Kobo og plan for innføring våren 2022.

Alle kommunar i Digi Rogaland og Digi Vestland oppfordrast til å delta, og kvar kommune kan stille med fleire deltakarar. Påmelding til møtet skjer via lenka under.

Sist oppdatert: 21. februar 2022