Informasjonsmøte Kobo

23. juni 2022 kl. 13:00 - 14:30

Framside / Påmelding til aktivitetar / Informasjonsmøte Kobo

Digi Rogaland og Digi Vestland inviterer i samarbeid med Husbanken til eit digitalt informasjonsmøte om Prosjekt Kobo - digitalt system for kommunale utleigebustadar

Når: Torsdag 23. juni 2022, kl. 13.00 -14.30
Kor: Teams
Arrangør: Digi Vestland og Digi Rogaland i samarbeid med Husbanken
Målgruppe: Leiarar ved bustadkontor, avgjerdstakarar i kommunen og andre som arbeider med kommunal bustadadministrasjon.

Kva er Kobo?

Prosjektet kobo utviklar digitale løysingar som skal gjere det enklare for innbyggjarane å søkje om kommunale utleigebustader, og forenkle saksarbeidet for dei tilsette i kommunen. Løysingane vil òg gjere det enklare å rapportere, og gjere statistikk for kommunale utleigebustader lokalt og nasjonalt meir tilgjengeleg. Prosjektet er eit samarbeid mellom KS, norske kommunar og Husbanken.

Tilbakemeldingar frå pilotkommunane og andre kommunar som har meldt interesse, viser at Kobo-løysingane allereie no vil gje verdi for kommunar som tar løysingane i bruk. Tidleg bruk vil òg gje kommunen moglegheit til å påverke utviklinga av løysingane. Data som samlast inn gjennom bruk av Kobo vil bidra til at både kommunen sitt eiget datagrunnlag, så vel som det nasjonale datagrunnlaget, kan byggast raskare, og med auka kvalitet. Dette vil igjen bidra til betre avgjerdsstøtte for kommune og stat i utforminga av politikk, tiltak og verkemiddel. Det vil heller ikkje påløpe lisenskostnad eller anna kostnad ved bruk av systemet i prosjektperioden. Meir informasjon finnast på husbanken.no

Ny felles innføring startar hausten 2022

Som eit verkemiddel for å få kommunar til å ta løysinga i bruk, samarbeider Digi Rogaland og Digi Vestland med Husbanken om ei felles innføring av løysinga for kommunar i Rogaland og Vestland, og til hausten startar andre runde med felles innføring.

I informasjonsmøtet får du informasjon om kva Kobo er, erfaringar frå kommunar som brukar Kobo i dag, informasjon om påmelding, korleis kome i gang med Kobo og plan for innføring hausten 2022. Alle kommunar i Digi Rogaland oppfordrast til å delta, og kvar kommune kan stille med fleire deltakarar.