Rettleiarteneste i personvern og informasjonstryggleik

Ei teneste frå Digi Vestland Oppvekst

Framside / Portefølje / Rettleiarteneste i personvern og informasjonstryggleik

Ønskjer du å delta i rettleiartenesta?

Dersom din kommune ønskjer å delta i rettleiartenesta, fyll ut søknadsskjema under innen utgangen av torsdag 27. oktober.

Bakgrunn

Digi Vestland Oppvekst er eit fagnettverk i Digi Vestland som skal bidra til eit kollektivt løft i digitaliseringsarbeidet innafor oppvekstområdet. Formålet er å vere ein arena for kompetansebygging, vere ein aktiv bidragsytar/premissgjevar i det nasjonale arbeidet, og auke gjennomføringsevne og utbreiing av nasjonale prosjekt og prosessar. Dette gjerast blant anna gjennom etableringa av arbeidsgrupper innafor spesifikke tema. Første arbeidsgruppe vart etablert våren 2021 med tema personvern og informasjonstryggleik.

Arbeidsgruppa gjennomførte første halvår 2022 ein pilot i samarbeid med KS og prosjektet SkoleSec, som testa ut ei regional rettleiarteneste i personvern og informasjonstryggleik for skuleeigarar. Piloten omhandla anskaffing, bruk og avslutning av digitale læringsressursar. I dette inngikk blant anna rutinar rundt anskaffing, databehandlaravtalar, risikovurderingar, personvernkonsekvensvurderingar, behandlingsprotokoll og liknande. Målgruppa for piloten var skuleeigarar og rådgjevarar som arbeida med dette i sin kommune.

Askvoll, Bømlo og Voss kommune deltok i piloten, mens syv kommunar frå arbeidsgruppa deltok som rettleiarar. Basert på erfaringane frå piloten og gjennomført evaluering ønskjer arbeidsgruppa no å etablere rettleiartenesta som ein fast teneste frå arbeidsgruppa. Vi ønskjer derfor å invitere nye kommunar til å delta i neste runde.

Kva vil din kommune oppnå ved deltaking?

Ved å delta vil din kommune få tilført kompetanse og ressursar i arbeidet med personvern og informasjonstryggleik innan oppvekstsektoren:

  • Rettleiar ut frå eiget ståstad

  • Kompetanseheving med anerkjente kapasitetar innafor personvern og informasjonstryggleik

  • Nettverksbygging og etablering av samarbeidsforum

  • Betre oversikt over eigen kommune sitt ståstad

  • Hjelp til å definere dagens utfordringar og prioritere forbetringar og endringar

  • Auka kunnskap om tilgjengelege ressursar

  • Moglegheit til å gje arbeidet på området i eigen kommune ei ny giv

Innhald i rettleiinga

Rettleiinga inneheld følgjande:

  1. Kompetansemål: Vere i stand til å gjennomføre kartlegging av korleis personvern og informasjonstryggleik er ivaretatt innan oppvekstfeltet i kommunen
    Innhald i rettleiing:

    • Rettleiing o korleis gjennomføre ei grunndig kartlegging - korleis kartlegge og kva skal ein kartlegge?

    • Forståing av korleis personvern og informasjonstryggleik blir ivaretatt i skuleeigarleddet, kommunen for øvrig og skulane

  2. Kompetansemål: Vere i stand til å prioritere vidare arbeid med personvern og informasjonstryggleik innan oppvekstfeltet i kommunen
    Innhald i rettleiing:

    • Rettleiing i å prioritere kva som er viktig å få på plass først, på bakgrunn av kartlegging

    • Forståing for prioriteringsrekkefølgje

  3. Kompetansemål: Vere i stand til å gjennomføre og følgje opp ROS, DPIA, DBA og liknande
    Innhald i rettleiing:

    • System eller metode for gjennomføring av ROS, DPIA, DBA og liknande

Kva vil det krevje av din kommune å delta?

Under følgjer ei overordna prosjektplan for kva aktivitetar som vil vere ein del av rettleiartenesta. I tillegg til felles aktivitetar, må det reknast med noko arbeid i eigen kommune mellom samlingane.

Oppstartsfase
Frå november - desember

Aktivitetar:

  • Delta på felles digital oppstartssamling med rettleiarteam og andre deltakande kommunar

  • Utarbeide og forankre mandat, målbilete, omfang og prosjektplan

Kartleggingsfase
Frå januar - februar

Aktivitetar:

  • Kartlegge og innhente informasjon om kommunen sitt arbeid med personvern og informasjonstryggleik

Nosituasjon og tiltak
Februar

Aktivitetar:

  • Delta på felles workshop (fysisk og/eller digitalt) for å analysere nosituasjon, definere dagens utfordringar og prioritere forbetringstiltak i tiltaksplan

Gjennomføringsfase
Frå mars-mai

Aktivitetar:

  • Gjennomføre tiltaksplan med støtte frå rettleiarteamet

Evalueringsfase
Juni

Aktivietar:

  • Delta i evaluering av pilotprosjektet

Spørsmål?

Ta kontakt med prosjektkoordinator Steinar Hjelset på steinar.hjelset@karabin.no.

Sist oppdatert: 10. oktober2022