E-helse DigiVestland søkjer nettverksressurs

Helseteknologi er eit viktig felt for kommunesektoren og har eit stort potensial i utvikling av berekraftige helsetenester. Innføring av helseteknologi kan auka kvalitet og effektivitet i helsetenester til innbyggjarar. Å ha fokus på nasjonale prosjekt og innføringsløp, og dessutan kommunars behov og utfordringar vil vera viktige faktorar i arbeidet.

Om stillingen

Søknadsfrist: tysdag 8. april 2025
Oppstart: snarleg

Det skal frikjøpas eitt årsverk i 2025, med moglegheit med forlenging, fra kommune i Vestland. Stillinga kan anten vera ein 100 % stiling eller delt i to stillingar med ulik stillingsbrøk. Ressurs frå kommunen blir frikjøpt etter avtale med eigen leiar

Stillinga inngår i e-helse sekretariatet i DigiVestland, eit kompetent miljø med engasjerte og hyggelege kollegaer.

Arbeidsoppgåver

  • Leggja til rette for nettverksarbeid og –samlingar, med eit særleg ansvar for
    e-helse kontaktpersonane i alle kommunane i Vestland
  • Støtte i nasjonale og regionale innføringssprang av helseteknologi, inkludert erfaringsdeling mellom kommunane
  • Delta på KS e-helse arena nasjonale og regionalt
  • Formidle behov frå kommunehelsetenesta opp i nasjonal og regional samstyringsstruktur
  • Andre driftsrelaterte arbeidsoppgåver i e-helse sekretariatet må påreknast

Kompetansekrav og ønskjer

  • Relevant utdanning, gjerne bachelor nivå
  • Kunnskap og erfaring om e-helse, gjerne frå eit kommunalt perspektiv
  • Svært god evne til nettverks- og relasjonsbygging
  • Svært god evne til å planleggja, leia og fasilitera store møte og samlingar, gjerne både fysiske og digitale
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Svært god skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr

  • Spennande stilling med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetent og svært samfunnsengasjert arbeidsmiljø knytt til Bergen kommune sitt e-helse miljø.
  • Moglegheit til å bidra for å sikra berekraft og digital utvikling av helse- og omsorgstenestene i kommunane til det beste for Vestlandet og kommunal sektor i Noreg samla sett
  • Frikjøp av stillingsprosent og lønn i samsvar med avtale
  • Hovudarbeidsstad er i eigen kommune, men med moglegheit for kontorstad på Rådhuset i Bergen etter avtale
  • Noe reising vil vera påkravd, men mykje arbeid nasjonalt og regionalt kan løysast i samarbeid på Teams.
  • Fridom og ansvar i samsvar med tillit og fagkunnskap


Send søknad og CV til Aslaug Lunde: aslaug.lunde@bergen.kommune.no

For informasjon om stillinga, ta kontakt med:

Aslaug Lunde,
Kontaktperson e-helse DigiVestland
aslaug.lunde@bergen.kommune.no
Tlf. 920 363 09


Kristin Brekke,
Seksjonsleiar, Seksjon for e-helse
kristin.brekke@bergen.kommune.no
Tlf. 408 724 04

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev