Bør kommunal sektor samarbeide om felles løysing for digital innbyggjarnøkkel? Gi innspela dine!

Fleire kommunar ser på moglegheita for å tilby ein digital nøkkel som gir innbyggjarane utvida og enklare tilgang til lokale og tenester. KS undersøkjer no interessa for ei felles kommunal løysing for digital innbyggjarnøkke. Gi innspela dine via skjemaet under.

Nokre kommunar har utvikla eiga løysing for dette (Oslo, Kristiansund), medan andre har brukt løysingar som finst i marknaden. For å undersøkja interesse for ei felles kommunal løysing, gjennomførte KS FID eit arbeidsmøte 4. april.

Det er gjort ei kort oppsummering frå gruppearbeidet knytt til behov og gevinstar. For å gi alle dei som ikkje var med på arbeidsmøtet høve til å spela inn behov og ønske, deler KS oppsummeringa gjennom eit skjema der ein kan kommentera på behov, utfordringar, gevinstar og døme på bruk av digital innbyggjarnøkkel. Du kan lesa oppsummeringa og koma med innspel ved å følgja lenkja til skjemaet her Lenke til et annet nettsted..

Frist for å gi innspel: 09.mai 2025.

Oppsummeringa, justert for innspel og kommentarar, vil vera ein del av avgjerdsgrunnlaget for vidare vegval: Bør kommunal sektor gå saman om ei felles løysing for digital innbyggjarnøkkel? Og skal vi i så fall gjenbruka ein eksisterande løysing?

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Dersom du har spørsmål om arbeidsmøtet eller skjemaet, ta kontakt med hallvard.hoen@ks.no.

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev