Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) lyser ut eingongsstøtte på til saman 8 millionar kroner til kommunar som vil oppretta og utvikla eit lågterskel rettleiingstilbod innan grunnleggjande digital kompetanse til innbyggjarane.
Føremålet med tilskotet er å leggja til rette for etablering av eit lågterskel rettleiingstilbod der innbyggjarar med liten, eller ingen digital kompetanse, kan få hjelp og rettleiing for å ta i bruk digitale verktøy og digitale tenester.
Tildelinga føreset ein plan for vidare drift og finansiering etter tilskotsperioden, slik at rettleiingstilbodet kan bli varig etablert ut frå behova hos ulike målgrupper i kommunen(e). Kommunen(e) må stå som ansvarleg søkjar overfor direktoratet, men tiltaket kan utførast i samarbeid med andre kommunar eller med hjelp frå frivillige organisasjonar.
Her finn du meir informasjon om tilskotet og korleis søkja. Lenke til et annet nettsted.
Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
---|
Søknadsfrist: Fredag 20. juni 2025 innan kl. 24.00.
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev