Diginettverka, KS og DiBK går nå saman for å hjelpa alle kommunane i Noreg til å koma i gang med og å gjennomføra digitaliseringsinitativ og konkrete tiltak innanfor plan og bygg.
For betre å forstå ståstaden til kommunane i dag, blir det nå gjennomført ei nasjonal kartlegging, i form av ei digital spørjeundersøking, av dagens bruk av digitale løysingar og framtidas behov innanfor områda plan, byggjesak og geodata.
Å betra forstå kor, korleis og når innsatsen bør settast inn for best mogleg å kunna bidra til auka digitalisering og effektivisering innanfor dei tre fagområda. I tillegg forstå korleis vi betre kan utnytta nasjonalt samarbeid på ein måte som kjem alle kommunane til gode. Målet er at alle norske kommunar deltar i kartlegginga, og Diginettverka får som oppgåve å følgja opp at alle kommunar i sitt nettverksområde gjer nettopp det.
Spørjeundersøkinga vil sendast ut til alle kommunane i Norgen i starten av juni og vi oppfordrar alle til å svara!
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev