Vi har laga ein samleside for ulike verktøy kommunane kan bruka for å effektivisera og forenkla arbeidet med digitalisering innafor ulike fag- og tenesteområde.
Digitalisering er eit viktig verkemiddel i arbeidet med å effektivisera og forbetra offentlege tenester. Dette inneber ikkje berre innføring av ny teknologi, men også ei endring i måten vi jobbar på. Digitalisering krev òg at vi tar omsyn til fleire faktorar, som mellom anna personvern og informasjonstryggleik.
For å lykkast med digitaliseringa er det derfor avgjerande å ha gode verktøy og rettleiarar som kan hjelpa kommunane med å navigera i eit komplekst landskap. Vi har derfor laga ei ny samleside som skal vera ein ressurs for kommunane i dette arbeidet.
På denne sida samlar vi verktøy, malar, rapportar, rettleiarar og sjekklister frå ulike aktørar, slik at du finnet alt på éin stad. Sidan er kategorisert etter fagområdet som gjer det lett å finna fram til det du er ute etter.
Kvifor er dette nyttig for kommunane?
Ved å samla ressursar frå ulike aktørar på éin stad, sparer kommunane tid og får tilgang til ei oversikt over gode verktøy som kan gjera digitaliseringsarbeidet innanfor ulike fag og tenesteområde enklare og meir effektiv.
Korleis koma i gang?
Besøk samlesida vår her Lenke til et annet nettsted., og utforsk dei ulike fagområda. Dersom du har innspel til sida eller tips til noko som bør ligg der, ta kontakt med Lars Longva.
Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev