Tettare samarbeid med KS Digital for diginettverka

Samling i Stavanger 2025. Foto av Solfrid Sande, Digi Rogaland

Samling i Stavanger 2025. Foto: Solfrid Sande, Digi Rogaland

Med Digi Rogaland og Rune Hauge som vertskap møttest leiarane for alle diginettverka, KS og KS Digital i Stavanger til ein workshop for å snakka tettare samarbeid.

Korleis kan KS Digital koplast nærare diginettverka – og KS tettare på? Kan diginettverka i større grad utnytta kvarandres kompetanse og kapasitet, og fordela nokre ansvarsområde mellom regionane og nettverka, var tema som vart diskutert.

Det vart to innhaldsrike dagar, der arbeidet med å leggja vegen vidare er godt i gang. Rune Hauge fortel at innspela som kom under workshopen blir teke med i den vidare prosessen saman med KS og nettverksleiarane.


–Det vart ei god samling der me fekk snakka om kvar me står, og kva utfordringar me opplever i diginettverka. Tettare samarbeid med KS Digital og KS er heilt nødvendig for å løfta oss vidare, seier Rune Hauge. God forankring blir viktig for å få til dei endringane som er nødvendige for å få meir fart på arbeidet.

 

Simen

Den engasjerte DigiVestland-leiaren Simen Soltvedt på samlinga i Stavanger. Foto: Solfrid Sande, Digi Rogaland

Tettare på KS Digital

Frå KS Digital i Bergen deltok produktleiar Nina Farahi, og dessutan prosjektleiar Lene Urdahl og produktleiar Oddgeir Sjøtveit, som jobbar med KS Kunnskap.
Dei ønskte – og fekk – innspel på korleis det regionale apparatet kan støtta utbreiinga av fellestenester og -løysingar. Farahi vil framover vera hovudkontakt for digitaliseringsnettverka, og ho håpar på hyppig kontakt med nettverka.

Eg har stor tru på tidleg involvering, og at nøkkelen til suksess er godt samarbeid. Eg er veldig glad for å ha vore med på samlinga på vegner av KS Digital – og ser fram til eit tettare samarbeid og å koordinera arbeidet vårt med diginettverka, fortel Farahi.

Bilde av Nina Farahi, KS Digital

Nina Farahi, KS Digital. Foto: Solfrid Sande, Digi Rogaland

Ønskjer meir erfaringsdeling

Farahi håpar at KS Digital og diginettverka kan etablera eit samarbeid for erfaringsdeling, forankring og raskare innføring av digitale fellestenester.

Det tenkjer eg er ein styrke for begge partar og heilt sentralt for at kommunal sektor skal lykkast med framtidig digitalisering.

KS Kunnskap vart også presentert for nettverka. Den nye læringsplattforma som erstattar KS Læring, for kunnskapsdeling, kursproduksjon og kompetansebygging skal snart implementerast og her vil nettverka bidra.

Diginettverka har ei regional kraft, med stort potensiale for å hjelpa til med utbreiing og implementering av dei digitale fellestenestene me i KS Digital leverer, i tråd med behovet i kommunesektoren, avsluttar Farahi.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev