• Aktuelt

Digitalt dødsbu gir arvingar oversikt og tilgang til informasjon på ein trygg og effektiv måte

Etterlatne og arvingar får nå enklare tilgang til informasjon om formuen og gjelda til den avdøde. Løysinga blir kalla Digitalt dødsbu og er laga i samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

Digitalt dødsbu er del av eit offentleg-privat-samarbeid med finansnæringa, Digitalt samarbeid offentleg privat (DSOP)-aktørane: Skatteetaten, Finans Norge, Bits, Politiet, NAV, Brønnøysundregistera, Kartverket.

Den digitale løysinga gir deg som er arving, enkel tilgang til kontooversikter, kva eigedomar den avdøde hadde, inkludert landsbrukseigedom, og kor mange bilar som er registrerte på avdøde. Rettleiingsteksta i løysinga forklarer deg korleis du går fram for å velja skifteform, og du kan velja ein person som representerer deg i dødsbuet.

Det er tingrettane som opprettar det digitale dødsbuet og melder frå til arvingane at dei har fått tilgang til løysinga. Til nå er det tingrettane i Søndre Østfold og Buskerud som har tatt løysinga i bruk. Innan utgangen av året vil alle tingrettane få tilgang, noko som tyder at alle arvingar i heile Noreg snart kan nytta Digitalt dødsbu.

Du kan lesa meir om løysinga her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev