Mangel på helsepersonell i kommunane er ei stor utfordring. 81 prosent av kommunane seier at dei slit med å rekruttera sjukepleiarar. Nytt rekruteringsprogram skal sikre flere folk til helse og omsrogsektoren.
For å auka andelen helsepersonell i kommunane, og samtidig sørgja for at folk som står utanfor arbeidslivet finn vegen til jobb innan helse og omsorg, har KS saman med tre departement og partane i kommunesektoren signert intensjonsavtale om rekrutteringsprogram til helse- og omsorg i kommunane.
Innsatsen vil rettast mot alle som av ulike grunnar står utanfor arbeid - både unge og andre som kan gjera ein god jobb i helse og omsorg.
Det er løyvd 125 millionar til tiltaket. Korleis kommunane kan dra nytte av midlane vil klargjerast før oppstart. KS ventar at midlane vil gi reell draghjelp til kommunane i arbeidet med å inkludera fleire frå utanforskapen til jobbar i helse og omsorg.
Les meir på KS sine sider her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev