No i september startar dei kommunale toppleiargruppene i Årdal, Ullensvang, Askøy og Øygarden på kompetanseløftet i digital transformasjon. Leiargruppene får bryna seg på korleis dei skal bruke teknologi, strategi, organisasjon og leiing til å ta kommunane inn i framtida.
Prosjekteigar og rådmann i Ullennsvang Ole-Jørgen Jondahl fortel: - Kompetanseløft digital transformasjon er ei av dei store satsingane til Digivestland i 2025. Målet er å styrke leiargruppene si evne til å leia og utvikla verksemdene sine når krav og kompleksitet til digitalisering aukar.
Temaet er brenn-aktuelt, og det er HR-nettverket i Digivestland som har vore pådrivar for å få kompetanseløftet på plass. Alle er samd om at kunnskap og kompetanse må ut til heile organisasjonen. Samtidig er det gjort ei prioritering; vi startar med kommuneleiinga.
Det er to store samlingar i haust, 24-25 september, og 16-17 oktober.
Eirin Folde frå Di2x vil presentera dei sentrale rammeverka for opplæringa. Kor digital moden er din kommune? ..og kva organisatoriske kapabilitetar må du styrka for å nå dit dykk vil?
Årets vinnar av digiitaliseringsprisen er Mitt liv mitt ansvar Lenke til et annet nettsted. (MILA). Eit knakande godt døme på effektiv bruk av data i ein samanhengande helseteneste – som gjer livet betre for innbyggjaren. Prosjektleiar Nina Weldingh frå Ullensaker kommune besøker oss.
Korleis gjere organisasjonar digital modne? Kva rolle og potensial ligg i dei fellesoffentlege løysingane. Sidsel Nordhagen Direktør i KS Digital Lenke til et annet nettsted. .
Politisk- og administrativ toppleiing i godt samspel. Korleis få alle til å dra saman? Kva har vore suksesskriterier og barrierer for teknologiløftet i Lillestrøm Lenke til et annet nettsted.. Torbjørn Pedersen er kommunalsjef for innovasjon og digitalisering i Lillestrøm kommune.
Bruk av KI-sandkasser og teknologiradar blant kommunane i Agder. Kva har dei fått til? Rune Johansen frå IKT Agder Lenke til et annet nettsted. kjem for å visa oss.
Det er nok interesserte kommunar til at vi også køyrer pulje 2 av programmet våren 2026. Detaljer og påmelding her: Påmeldingsside Kompetanseløft digital transformasjon - DigiVestland Lenke til et annet nettsted.
Seinare i haust /vinter vil ein gratis, nettbasert sjølvstudiepakke i digital transformasjon bli tilgjengeleggjort for alle kommunar i Noreg. Denne pakken egnar seg godt til å laga egne og mindre program for målgrupper i eigen kommune.
Du kan lese meir om kompetanseløftet digital transformasjon her.
Kenneth Sangolt
Prosjektleiar
414 76 319
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev