KS SkoleSec vann prisen "Personvern i praksis"

Prosjektet nasjonal DPIA for Google Workspace Education vann årets pris for "Personvern i praksis" under Personverndagane i Trondheim.

Dette er ein pris som «som skal hylla ein person, prosjekt eller verksemd(er) som gjer ein skilnad for å skapa betra personvern i samfunnet vårt.».

KS skriv i nyheitsbrevet for prosjektet at dei er veldig stolte over å kunna dela denne prisen med alle dei kommunane som har deltatt i prosjekta, og rettar ei spesiell takk til deltakarane på Google-DPIAen.

80/20-metoden skal gi kommunane eigerskap til DPIAen

Den nasjonale vurderinga av personvernkonsekvensar (DPIA) for bruk av Google Workspace for Education skal hjelpa skoleeigarar med å ta vare på og sikre personvernet til elevane. KS har publisert DPIAen i ein 80 prosent-versjon. Det tyder at kommunane slepp å byrja frå start, og heller kan fokuserer på dei siste 20 prosentane ved å gjera justeringar etter eigne behov og oppfylla rolla si som behandlingsansvarleg. Det er opp til skoleeigar å ferdigstilla dei siste 20 prosentane.

Les meir om korleis kommunen din kan ta DPIAen til 100% her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev