
23. september arrangerte DigiVestland ei samling for medlemskommunane med temaet samarbeid om beredskapsøvingar. Føremålet med samarbeidet er å styrkja den digitale beredskapen i kommunane gjennom samhandling, erfaringsdeling og kompetanseheving.
Samlinga vart gjennomført med stort engasjement frå kommunane, og det kom tydelege signal på at kommunane sterkt ønskjer deltaking og støtte frå sekretariatet for å læra, dela og gjennomføra på fagområdet.
Det vart svært positivt tatt imot å oppretta grupper med "kompiskommunar", der 3-4 kommunar samarbeider om gjennomføring av skrivebordsøvingar i beredskap. Ein av kommunane tar ansvar for å koordinera, og sekretariatet vil ha jamlege møte med leiar av kompisgruppene. Ein vil her både vareta geografiske omsyn, og samtidig leggja til rette for nye samarbeid og nye impulsar. Sekretariatet jobbar vidare med dette basert på innspel frå kommunane.
Sekretariatet vil òg jobba vidare med deling av tiltaksskort, skrivebordsøvingar og dreiebøker for speløvingar. Kompetanseheving for å gjennomføra speløvingar vart òg etterspurd.
Sjå òg: Digital Norway - Heile Norge Øver (Bergen 29. oktober): Heile Norge Øver Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev