Digital transformasjon: Kommunen i 2035 er nær, smart og til stades

Bilde av post-it-lapper

Rådhuset er borte, men kommunen er meir til stades enn nokon gong. Robotar hjelper heime, kunstig intelligens behandlar byggesaker, og innbyggjarane får gjort det meste sjølv – digitalt.

Slik såg framtidsbildet ut då toppleiarar frå Øygarden, Askøy, Ullensvang og Årdal møttest til første samling i DigiVestlands nye kursprogram for digital transformasjon.

– Skal vi komme dit, treng vi hjelp! var ei av dei klare tilbakemeldingane.

Felles språk for digital utvikling

Kurset byggjer på DI2X-rammeverket, som gir leiarar eit felles språk og betre forståing for kvar kommunen står – og kva som må til for å ta neste steg.

Kurshaldar Eirin Folde fekk ros for å gjere stoffet konkret og relevant. Neste samling handlar om kva evner og kapabilitetar som må på plass innan leiing, strategi, teknologi og organisering.

Framtidskommunen – slik deltakarane ser han

I 2035 vil innbyggjarane bruke digitale tenester til det meste. KI og automatisering vil effektivisere prosessar, og dei tilsette får meir tid til kvalitet og relasjonar. Kommunen får betre tilgang på data – og må lære å bruke dei smart.

Rune Johansen frå IKT Agder minna om at ny teknologi + gammal organisering = dyr drift, og viste korleis Agder-kommunane har lukkast med felles IKT og KI-sandkasse.

Gruppearbeid

Lillestrøm: – Vi starta heilt på nytt

Torbjørn Pedersen, kommunalsjef for digitalisering og innovasjon frå Lillestrøm kommune fortalte korleis dei nytta samanslåinga til å bygge opp alt frå botn. Resultatet? Fart, stoltheit og ny kraft.

Han understreka at digitale tenester må begeistre, sjølv om ingen kommune kan konkurrere med Google.

Innsikter frå første kursdag

Post-it-lappar frå samlinga viser kva som står høgt på agendaen:

  • Kommunane må samarbeide meir – ikkje bygge siloar
  • Digitalisering er samfunnsutvikling, ikkje berre teknologi
  • Gevinstrealisering er største utfordringa
  • Kompetanse og infrastruktur må styrkast
  • Kommunane treng hjelp – og dei ber om det

Klart behov for støtte

Deltakarane peika på fem konkrete behov:

  1. Støtte til gevinstrealisering
  2. Redusere forventningspress frå innbyggjarar og politikarar
  3. Bygge kompetanse i bruk av data
  4. Meir fokus på byggesak og tekniske tenester
  5. Rydde i aktørlandskapet – og styrke diginettverka som mellomledd
Foredrag

Frå økosystem til kvardagsbilete

Kurset utfordra også språkbruken. «System som spelar på lag» fungerer betre enn «økosystem» når ein snakkar med leiarar og innbyggjarar.

– Det handlar ikkje om teknologi åleine, men om å koble folk, system og tenester saman, sa kursleiarane.

Neste steg: Meld deg på!

Kurset er del av ei nasjonal satsing for å styrke toppleiarar i digital transformasjon. Tilbakemeldingane etter første dag var klare: Relevant, nyttig og inspirerande. Ønskjer du å vera med på neste pulje? Les meir om den eller berre meld deg på med ein gong Lenke til et annet nettsted.!


Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev