Porteføljearbeid i DigiVestland – samspel for framtida

Porteføljearbeidet i DigiVestland handlar om å skapa verdi saman. Med struktur, medverknad og felles retning, kan vi utvikla digitale løysingar som gjer kvardagen enklare for både innbyggjarar og tilsetta i kommunane.

DigiVestland er eit regionalt samarbeid som skal styrkja kommunane si evne til å levera gode digitale tenester. For å få til dette, treng vi struktur, retning og felles prioriteringar. Det er her porteføljearbeidet kjem inn.

Kva er porteføljen?

Porteføljen til DigiVestland er ei oversikt over felles aktivitetar og prosjekt som kommunane kan delta i. Den viser strategisk retning for samarbeidet og skal vere innanfor rammene av avtala mellom kommunane. Porteføljen inneheld:

  • Innføringsklare løysningar
  • Prosjekt under utvikling
  • Kompetansetiltak
  • Utarbeiding av rammeverk, målar og verktøy

I tillegg til desse, er òg arenaer i nettverksstrukturen ein del av porteføljen. Vi skil mellom det som er innanfor og utanfor porteføljen til DigiVestland:

Figur som viser hvilke prosjekter som er innenfor og utenfor porteføljen til DigiVestland

Frå behov til aktivitet

Behov kjem gjerne frå fagmiljø i kommunane. Gjennom faggrupper blir behova diskuterte, vurderte og kvalifiserte. Kommunane kan spele inn behov for nye løysingar, eller føreslå at eksisterande løysingar blir vurdert inn i porteføljen. Prosessen går slik:

  1. Behov blir identifisert og konkretisert
  2. Faggruppa diskuterer og vurderer behovet
  3. Klassifisering som tiltak eller prosjekt
  4. Finansiering og prioritering
  5. Vedtak i styringsgruppa

Kva blir prioritert?

Når vi skal prioritera, må vi sjå på:

  • Strategisk relevans
  • Om behovet er innanfor samarbeidsavtala
  • Moglegheiter for finansiering
  • Tilgjengeleg kompetanse og kapasitet
  • Avhengigheit til andre løysingar
  • Støtta frå fleire kommunar

Målet er ein balansert portefølje med både modna og nye initiativ.

Planlegging for 2026

Porteføljearbeidet er ein kontinuerleg prosess. Hausten 2025 er viktig for å planleggje porteføljen for 2026. Kommunane får fristar for å spele inn saker, og styringsgruppa behandlar forslag i møte gjennom hausten.

  • 18. november Utkast sakspapir blir sendt til Digitaliseringsutvalget (kontaktpunkt i kommunane)
  • 25. november Møte i digitaliseringsutvalet
  • 28.november Utsending av saker til styringsgruppa
  • 5. desember Møte i Styringsgruppen vedtar budsjett og portefølje
Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev