• Oppvekst
  • Aktuelt

Gratis kompetansepakke: "KI for lærarar"

Digi Nordland har satt saman kurs med videoforelesingar og arbeidsoppgåver som kan gjennomførast når som helst.

Her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. finn de ei rekkje kurs om kunstig intelligens og undervisning, kvar på to økter à 45 minutt. Kvar økt inneheld eit videoforedrag (10–20 min) og oppgåver med refleksjon i grupper. Alle kursa kjem med forslag til undervisningsopplegg og rettleiing for lærarar. Deltakarar får òg tilgang til tilpassa praterobotar og kan teste eigne løysingar. Kursa tek omsyn til lokale KI-verktøy som Microsoft Copilot, Google Gemini, Skolebot, Skolup eller Randabergskulen sine løysingar.


Alt i kompetansepakken er gitt ut med ein Creative Commons BY-NC-SÁ lisens. Det betyr at du har lov til å kopiera, distribuera og spreie alt i kva som helst medium eller format. Du har også lov til å remixa, endra og byggja vidare på alt saman. Samtidig må du passa på at du oppgir DigiNordland som originalen, delar det med same lisens og at du ikkje bruker det til kommersielle formål.

Liste over kursa:

  1. Kva er ein praterobot?
  2. Kva er god hjelp og kva er for mykje hjelp?
  3. Lage og bruke praterobotar med personlegheit
  4. KI hjelper elevar med undervisning
  5. KI som lærarens gode hjelper
  6. KI og realfag
  7. KI og språkfag
  8. KI og humaniora
  9. KI og praktisk-estetiske fag
  10. KI, fake news og kjeldekritikk – og bias
  11. KI og skuleleiaren
  12. KI, etikk og jus
  13. Det avanserte kurset om praterobotar og språkmodellar
  14. Google Notebook LM
  15. Sette opp di eiga KI-løysing

Dei fem første kursa bør takast i rekkjefølgje, resten kan takast frittståande.

Du finn alle kursa på sidene til Digi Nordland Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev