Mange kommunar vil ha mykje å vinna på å digitalisera byggjesaksbehandlinga. Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har laga ei samleside som viser korleis du kan gå fram.
Digitalisering av byggjesak handlar ikkje berre om teknologi, men om å endra måten kommunen jobbar på. Det krev innsats, samarbeid og vilje til å tenkja nytt. DiBK trekkjer fram fire viktige punkt for å lykkast.
Kommunane som lykkast, har gitt tilsette tid til å læra og har dedikerte superbrukarar som støttar kollegaer. God opplæring og avlæring av gamle rutinar er avgjerande.
Digitalisering må forankrast på leiarnivå. Engasjerte medarbeidarar kan driva prosessen framover. Mange kommunar har lykkast fordi éin person tok initiativ og fekk med seg resten.
Med rett opplæring og støtte kan alle bidra. Tilsette med lang fartstid har verdifull erfaring, og når ho blir kombinert med andre kollegaers digitale kompetanse, oppstår gjensidig læring og styrkte samarbeid.
Digitale løysingar vil alltid vera i utvikling og aldri bli heilt ferdig utvikla. For at løysingane skal bli så gode som mogleg og dekke behova kommunen har, er det viktig å bidra med tilbakemeldingar til leverandørane. Jo fleire som gir innspel, jo betre blir løysingane.
Dei små kommunane som har lykkast, samarbeider med andre kommunar eller deltar i regionale nettverk. Det gir stordriftsfordelar og styrkjer innverknaden overfor leverandørane, til dømes overfor dei som leverer søknadsløysingar eller sak/arkivløysingar. Samarbeidet byggjer kompetanse gjennom deling av erfaringar og løysingar.
Les meir om dette hos DiBK. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Digitalisering av byggjesaksprosessen handlar om meir enn effektivisering og kostnadsinnsparingar for byggjesaksavdelinga. Når søknader og dokument kjem digitalt inn i systema for kommunen, skaper det verdi for ei rekke andre fagområde – både gjennom betre informasjonsflyt og meir presise vurderingsgrunnlag.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev