13.–14. januar 2026 er kommunane i DigiVestland invitert til ei felles øving i digital beredskap på Flesland. Arrangementet er eit samarbeid med Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og KS Vestland. «Øving – i ein digital kvardag» er ei realistisk og fagleg solid øving i handtering av ei alvorleg digital hending som råkar heile kommunen. Her får deltakarane testa kriseleiinga si – og læra av dei beste.
Digital tryggleik er ikkje lenger eit teknisk spørsmål – det er eit leiingsansvar. Øvinga gir kommunane høve til å styrka beredskapen, samkøyra krisehandteringa og få innsikt frå nasjonale aktørar som DFØ, NSM, KommuneCERT og Statsforvaltaren. Også fleire kommunar og private aktørar vil bidra med erfaringar og perspektiv.
Deltakinga er fleksibel og tilpassa tronge kommuneøkonomiar:
Kommunar kan velja å delta med heile kriseleiinga eller sende eit mindre team. Deltakarar frå same kommune blir sette i gruppe for gjennomføringa av øvinga. Hvis det er 1-4 deltagarar frå ei kommune, kan dykk bli satt saman med andre.
Meld dykk på – og vis at kommunen tek digital beredskap på alvor
Påmeldinga er open fram til det er fullt, men vi oppmodar om påmelding innan 20. november for å hjelpa planlegginga.
Les meir og meld deg på Lenke til et annet nettsted.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev