• Aktuelt

Slik jobbar vi i DigiVestland: Faggrupper, nettverk og arbeidsgrupper

DigiVestland er eit samarbeid mellom kommunar i Vestland som skal sikra felles retning og kraft i digitaliseringsarbeidet. Kjernen i samarbeidet er korleis vi organiserer oss for å løysa felles utfordringar og utvikla gode digitale tenester. Dette skjer gjennom tre hovudformer for samarbeid: faggrupper, nettverk og arbeidsgrupper.

Faggrupper – strategisk samarbeid på tvers

Faggruppene er nava i DigiVestland-samarbeidet. Dei jobbar med strategisk viktige tema og behov som kommunane har meldt inn, og vurderer korleis nasjonale løysingar kan tilpassast og brukast regionalt. Gruppene skal òg bidra til å utvikla den regionale porteføljen av tiltak.

Kvar faggruppe blir leidd av ein representant frå ein kommune, med støtte frå sekretariatet. Gruppene har myndigheit til å velja eigne arbeidsområde, gi innspel til høyringar og vedta mindre saker – men større tiltak og prosjekt blir vedtatte av styringsgruppa.

Ved oppstart hausten 2025 har vi følgjande faggrupper:

  • Oppvekst
  • Plan, bygg og geodata
  • E-helse (oppdragsbrev frå KS)
  • Fagforumet frå digitaliseringsutvalet (samlar fag som IKT, HR, organisasjon, personvern og informasjonstryggleik)

Faggruppene jobbar i tråd med nasjonale vegkart og strategiar, men med blikk for regionale behov. Nye idear og behov blir melde inn som saker og blir behandla i samarbeid med Digitaliseringstjenester og Digitaliseringsutvalget.

Nettverk – deling og dialog

Eit nettverk er ei eiga gruppe innad i faggruppene, knytt til eit spesifikt tema. Dei er opne arenaer for dialog, erfaringsdeling og kompetanseutvikling, og er knytt til faggruppene og kan opprettast på initiativ frå kommunane. Nettverka har ingen sluttdato, og alle kommunar som ønskjer det kan delta.

Føremålet med nettverka er å dela informasjon og erfaringar, spela inn behov og ønskjer og byggja kompetanse. Kommunane driv nettverka sjølv og vel ein leiar. Sekretariatet kan bidra med støtte ved behov.

Eksisterande nettverk:

  • KS Min kommune
  • Planregister

Arbeidsgrupper – målretta innsats for konkrete oppgåver

Når det oppstår behov for å løysa ei konkret utfordring, blir det oppretta ei arbeidsgruppe. Desse gruppene består av personar med relevant kompetanse og jobbar strukturerte og målretta med ei klart definert oppgåve. Arbeidet skal resultera i konkrete oppfordringar eller leveransar og gruppa blir avslutta etter dette.

Døme på avslutta og eksisterande arbeidsgrupper:

Arbeidsgruppene er mellombelse og blir definerte som tiltak i porteføljen.

Prosjekt

I tillegg til desse formene, har vi også prosjekt. Prosjekta har sin eigen styringsstruktur og økonomi. I dag har vi tre prosjekt i DigiVestland:

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev