• E-helse

E-helseportefølje for 2026

Portefølje 2026

Portefølje 2026 for Faggruppen for e-helse er mykje styrt av oppdragsbrevet frå KS, der det dei siste to åra har hatt fokus på å etablera standardiserte innføringsløp for kommunane på nasjonale e-helse løysingar. Nettverka må ha innføringsleiar ressurs, som i hos oss er Styrk Matre Grimstad.

Digihelse, Digihelsestasjon, velferdsteknologisk knutepunkt (VKP) og heilskaplegtenestemodell (HTM) er innføringsløp som blir vidareført i 2026, medan nye innføringsløp er journaldokumenta til pasienten med kommunane som konsument, prøvesvaret til pasienten med kommunane som konsument, Kommunens sjukdomsoversikt (KoSy) og oppstart av arbeidsgruppe for velferdsteknologi (VFT) der fokus skal både vera på innføring og gevinstrealisering.

For meir informasjon om innføringsklare e-helseløysingar, sjå her. Lenke til et annet nettsted.

For meir informasjon om e-helseløysingar under utvikling, sjå her. Lenke til et annet nettsted.

Regionalt vil vidareføring av Pasientens legemiddelliste i Vest (PLL-vest) og samhandling modell for digital heimeoppfølging vera prioriterte prosjekt. Faggruppa for e-helse samarbeide og med andre Diginettverk og KS, om utarbeiding av saksbehandlingsmålar for helse kor klart språk metodikk blir nytta og dokumenta blir kvalitetssikra av fagpersonar og juridisk. Dette føreset finansiering.

Vidare har faggruppa og igangsett arbeid saman med kommunane om bedre bruk av vekdferdsteknologi i Vestland.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev