• E-helse
  • Aktuelt

Fant kvarandre på e-helsesamling

E-helsesamling på Terminus

Over 50 deltakarar frå heile Vestland fylke møttest i Bergen for å dele erfaringar, få fagleg påfyll – og finne nye samarbeidspartnarar innan e-helse og digitalisering. Det vart veldig sosialt, kreativt og kjekt, og deltakarane drog heim med både nye idear og samarbeidspartnarar.

Det var god stemning og stort engasjement i diskusjonane då 56 deltakarar frå kommunar over heile Vestland fylke møttest til samling på Hotell Terminus 3. og 4. november. Samlinga var ein del av arbeidet i e-helse Vestland, ei faggruppe i DigiVestland som inkluderer alle kommunane i fylket – ikkje berre medlemskommunane. Dette fordi gruppa arbeider på oppdrag frå KS, og har som mål å styrke samarbeidet og kompetansen innan digitalisering av helse- og omsorgstenestene.

Bli kjent-lek

Latteren sat laust under hovud, skulder, kne og kopp-konkurransen!

Fagleg påfyll og ekte møte

Programmet var tettpakka med både faglege innlegg og praktiske økter. Etter ei varm velkomst og litt fysisk aktivitet i regi av innføringsleiar Styrk Matre Grimstad, tok regional kontaktperson Aslaug Lunde over innleiinga etter at faggruppeleiar Kristin Brekke måtte melde forfall. Tema som beredskap i e-helse, helseteknologi og HTO-ordninga stod på agendaen, og deltakarane fekk høyre frå både Bjørnafjorden og Stad kommune, DigiVestland og Frode Fadnes Jacobsen frå Senter for omsorgsforsking Vest.

– Vi har gleda oss til å møtast «live» og ikkje berre digitalt, sa Aslaug Lunde. – Det var fantastisk å sjå så mange engasjerte fagfolk frå heile fylket, klare for å dele erfaringar og lære av kvarandre.

Café Vestland og nye samarbeid

Ein av høgdepunkta var Café Vestland, der sju ulike prosjekt og arbeidsprosessar frå kommunane vart presenterte. Café-en var leia av nettverksressurs Hildegunn Bravelli og deltakarane fekk høyre om alt frå konkrete løysingar innan velferdsteknologi til korleis ein kan organisere e-helsearbeidet lokalt. Mange fekk nye idear – og fleire fann kvarandre.

KI og kreativ søknadsskriving

Før workshoppen på dag to fekk deltakarane en introduksjon til Helseteknologiordninga (HTO) frå Helsedirektoratets Per Ludvig Skjerven, samt eit inspirerande innlegg frå Erlend Sofienlund frå Bergen kommune, som viste korleis kunstig intelligens kan brukast som støtte når ein skriv søknader til HTO. Innlegget skapte engasjement og nysgjerrigheit, og fleire diskuterte i workshoppen om korleis KI kan bli ein del av det daglege arbeidet med digitalisering.

Ideforslag

Det var mange kreative illustrasjonar for å forklare problema dei skulle prøve å løyse i workshoppen!

Workshop med tenestedesignarar

Workshoppen vart leia av Ingvild Solberg og Anniken Gjesdal, tenestedesignarar frå Bergen kommune. Dei guida deltakarane gjennom ein praktisk og kreativ prosess der kommunane fekk jobbe med eigne utfordringar og moglegheiter knytt til HTO. Gjennom refleksjon, samskaping og konkrete verktøy fekk deltakarane hjelp til å utvikle idear som kan bli til framtidige prosjekt.

"Eg er positivt overraska over kor mange gode idear vi jobba fram på den korte tida!" -workshopdeltakar

Etter ideane va presentert fekk deltakarane stemma på ka idear dei synest var best. Vinnaren vart Bjørnafjorden og Kvinnherad som hadde prosjektideen "Digital sone - digital heimesjukepleie", som handla om å oppretta ei ny avdeling i heimetenesten, som kan utføra alt frå digitale treningsøkter til pårørandeoppføljing, og kan vera fyste alternativ ved alle søknadar om teneste.

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar, både på det faglege innhaldet og på det å få vere saman, seier Aslaug Lunde. – Det er tydeleg at det er eit stort behov for slike møteplassar, og vi ser allereie at fleire kommunar har teke initiativ til vidare samarbeid.

Tenestedesigner Anniken Gjesdal og Maria Frotveit Vangsnes frå Bjørnafjorden

Tenestedesigner Anniken Gjesdal og Maria Frotveit Vangsnes frå Bjørnafjorden

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev