• Aktuelt

Frå kartlegging til handling: DigiVestland løftar plan- og byggesaksarbeidet

Faggruppe Plan, bygg og geodata i DigiVestland har gjennom 2025 arbeidd målretta for å styrke det regionale samarbeidet innan plan-, bygg- og geodataområdet. Målet er å skape betre samhandling, kompetanseheving og erfaringsdeling på tvers av kommunane.

Bakgrunn og overordna status

Faggruppa møtest fast ein gong i månaden, og i tillegg har det vore arrangert ein fysisk fagdag. Under faggruppa er det etablert eit fagleg nettverk for Plan og GIS, som også har månadlege møte. Desse arenaene fungerer som lokale og regionale læringsplassar og bidreg til samordning av praksis mellom kommunane.

I 2025 har arbeidet vore særleg retta mot prosjektet Digitalisering av planprosessen, med ambisjonar om å sikre lokal forankring av nasjonale initiativ.

 

Pågåande og nye tiltak

Oppfølging av eByggesøknader

Ei arbeidsgruppe med kommunane Bergen, Alver, Kvam, Ulvik og Øygarden følgjer opp funn og anbefalingar frå den nasjonale kartlegginga av kommunanes bruk av eByggesøknader. Arbeidet omfattar statuskartlegging, identifisering av utfordringar og utvikling av regional støtte.

 

Visualisering av boligstatistikk

Ei eiga arbeidsgruppe vidareutviklar løysingar for visualisering av boligstatistikk i samarbeid med Øygarden kommune. Løysinga gir direkte innsikt i byggeaktivitet basert på matrikkeldata og fungerer som eit verktøy for planlegging, beslutningsstøtte og samfunnsutvikling. Målet er at løysinga skal inngå i DigiVestlands verktøykasse og bli tilgjengeleg regionalt i samarbeid med Vestland fylkeskommune.

 

Samarbeid med Vestland fylkeskommune

Fylkeskommunen ønskjer å bidra til at visualiseringsløysinga kan delast på regionalt nivå. Dette vil sikre lik tilgang til verktøy og styrke datadreven planlegging i heile fylket.

 

Tverrregionalt og nasjonalt samarbeid

Faggruppa har representasjon i FPU i KS Samstyringsstruktur og deltek aktivt i samarbeid med andre diginettverk, KS og DiBK. Dette omfattar:

  • Felles kommunikasjonsinnsats
  • Koordinerte lærings- og kompetanseaktivitetar
  • Nettmøte og tematiske webinar
  • Utvikling av opplæringsmateriell
  • Erfaringskonferansar og faglege samlingar

Målet er å sikre lik og kvalitetssikra støtte til kommunane og effektiv deling av innsikt og erfaringar på tvers av regionane.

 

Kobling til Digitalisering av planprosessen

Tiltaka knytt til visualisering av boligstatistikk og oppfølging av eByggesøknader konkretiserer prosjektets mål om innovasjon, standardisering og kompetanseheving. Arbeidet skal bidra til betre datatilgang, digital arbeidsflyt og regional organisering.

 

Aktivitetar som følgjast opp i 2026

  • Sikre framdrift i utviklinga av boligvisualisering som regionalt verktøy
  • Følgje opp anbefalingar frå eByggesøknad-arbeidet med fokus på læring og gevinstrealisering
  • Styrke samarbeidet med Vestland fylkeskommune og tverrregionale partnarar
  • Vidareutvikle nettverka som sentrale faglege møteplassar
  • Oppfølging av aktivitetar i tverrregionalt nettverk

Dette gir eit samla løft for kommunanes plan- og byggesaksarbeid, betre datatilgang og meir effektiv informasjonsflyt på tvers av forvaltninga.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev