
I slutten av september 2025 gjekk startskotet for eit ambisiøst prosjekt i Bergensområdet: SDHO – Samhandlingsmodell for digital heimeoppfølging. Målet er klart, men vegen dit krev innsikt, samarbeid og vilje til å bryte ned gamle barrierar. Vi har snakka med prosjektleiar Jan Frode Saasen om kva prosjektet handlar om, korleis det går, og kva medlemskommunane i DigiVestland kan bidra med.
– SDHO er eit utviklingsprosjekt som skal lage ein generisk modell for samhandling rundt digital heimeoppfølging, forklarer Saasen. – Det handlar om å finne gode måtar å samarbeide på mellom kommunar, fastlegar og spesialisthelsetenesta, slik at pasientar kan få oppfølging heime – trygt, effektivt og koordinert.
Prosjektet spring ut frå eit behov for betre samhandling i Helsefellesskapet Bergensområdet. Barrierane er mange, og Saasen deler dei inn i fire hovudkategoriar: finansiering, styring og organisering av tenesteforløpet, teknologi som støttar samhandling, og juridiske forhold knytt til datadeling.
– Vi er no i innsiktsfasen, der vi kartlegg og verifiserer desse barrierane. Det er eit omfattande arbeid, men heilt nødvendig for å kunne utvikle ein modell som faktisk fungerer i praksis, seier han.
Prosjektet har fått støtte frå Helseteknologiordninga, rekrutterings- og samhandlingsmidlar, DigiVestland og eigeninnsats frå både primær- og spesialisthelsetenesta. Det er etablert ei styringsgruppe leia av Kristin Brekke frå Bergen kommune, og ei prosjektgruppe som står for gjennomføringa.
– Vi rapporterer at vi er i rute, både når det gjeld tid, økonomi og kvalitet. Det er alltid ein god start, men vi er klar over at det krev kontinuerleg innsats for å halde fram slik, understrekar Saasen.
Eit viktig mål for 2026 er å levere ein modell som kan danne grunnlag for utprøving. Den skal innehalde konkrete løysingar – eller tydelege problembeskrivingar – innan dei fire barrieretema. Målet er å støtte strategisk samarbeid i regionen, med felles styring, organisering og teknologi.
– Vi ønskjer å skape ein modell som gjer det mogleg å skalere DHO-tenester etter behov, samtidig som vi bevarer kvaliteten og aukar pasientens meistring. Det handlar om å bygge ei berekraftig teneste som kan leve vidare etter prosjektperioden, seier Saasen.
Men for å få dette til, treng prosjektet hjelp frå medlemskommunane i DigiVestland.
– Vi manglar framleis kontaktpersonar frå sju av dei 18 kommunane. Det er viktig at alle er med, både for å sikre at modellen blir relevant for heile regionen, og for å kvalitetssikre leveransane våre. Eg vil oppmode kommunane til å peike ut kontaktpersonar så snart som mogleg, seier han.
Saasen er tydeleg på at dette ikkje er eit prosjekt som skal utviklast i eit vakuum.
– Samhandling krev deltaking. Vi treng innspel, erfaringar og perspektiv frå både små og store kommunar. Det er slik vi kan lage ein modell som faktisk fungerer – ikkje berre på papiret, men i kvardagen til helsepersonell og pasientar.
Vil du vite meir om prosjektet og korleis kommunen din kan bidra? Les meir SDHO-sida.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev