• Aktuelt

Julehelsing frå DigiVestland

Jula er ei fin tid for å sjå tilbake på året som har gått – på alt vi har stått i, alt vi har lært og alt vi har fått til saman – før vi løftar blikket mot moglegheitene som ventar i 2026.

Prosessen fram mot den nye samarbeidsavtalen har vore grundig og viktig. Det aller viktigaste er likevel at 15 kommunar held fram samarbeidet. De kommunar har gjort eit solid arbeid på heimebane med å forankra og diskutera kva de vil ha ut av samarbeidd om DigiVestland. Det er kanskje klarare enn nokon gong kva som er venta av samarbeidet – og kva de ønskjer å oppnå saman.

DigiVestland er jo eit samarbeid om digitalisering mellom kommunane. For å lykkast krevst ikkje berre deltaking, men også engasjement og vilje til å skapa noko saman. Tanken bak samarbeidet er enkel: Bidreg alle litt, får kvar kommune meir tilbake enn dei bidreg med.

Etter kvart som kommunane har vorte betre kjende, har engasjementet vakse. No boblar fagområda over av idear til samarbeid. Det manglar altså ikkje på initiativ, og vi har nesten fått eit luksusproblem: å prioritera mellom mange gode forslag. Men målet er ikkje å gjera mest mogleg, men heller gjera det som betyr mest - tiltak som løyser utfordringar, grip moglegheiter og gir betre, tryggare og meir effektive tenester.

Med stadig fleire nasjonale initiativ og løysingar som treffer kommunane, blir det viktigare å stå saman om prioriteringane: Kva må vi ta først, og kva kan venta? Mykje gir best meining å gjera i fellesskap, medan andre løysingar treffer behova eller kapasiteten til enkelte kommunar tidlegare. Då er det heilt greitt at nokon går føre, slik at det blir lettare for dei som kjem etter – med god nytte av erfaringane dei første gjorde seg. Kommunane sine eigne erfaringar og opplevd nytte er framleis den beste marknadsføringa nye løysingar kan få.

KS har fått eit tydeleg oppdrag frå kommunane om å hjelpa til i digitaliseringa av kommunal sektor. KS Digital, eit heileigd dotterselskap av KS, er etablert for å svara på nettopp den bestillinga. Formålet er å utvikla og drifta trygge, berekraftige og effektive digitale fellestenester. Selskapet leverer mange viktige tenester til kommunane i dag, og vi i DigiVestland skal spela dei gode, slik at dei også framover leverer endå fleire nyttige løysingar.

Men det er ikkje berre KS Digital som viser veg. I år har vi hatt tre store prosjekt som alle har sett spor både regionalt og nasjonalt:

  • Pasientenes legemiddelliste (PLL) blir no innført i helsefellesskapen i Bergensregionen. Erfaringane her legg grunnlaget for ei større utrulling, både regionalt og nasjonalt.
  • Samhandlingsmodell for digital heimeoppfølging (SDHO) utviklar ein modell for korleis kommunar og spesialisthelsetenesta skal samhandla om utprøving, innføring og drift av løysingar for digital heimeoppfølging. Målet er ambisiøst: at modellen kan takast i bruk i andre regionar og nasjonalt.
  • Kompetanseløftet digital transformasjon for toppleiargrupper – DigVestland som siste diginettverk ut. Det at me er sist, har vist seg å vera ein fordel: Vi byggjer på læringa frå dei andre nettverka. Resultatet er eit meir komprimert og målretta kursopplegg, og kommunane i første pulje gir svært gode tilbakemeldingar. Det er motiverande.

I haust starta me med posten «månadens kommune» i nyheitsbrevet. Det er imponerande å sjå kor mykje spennande som skjer ute i organisasjonane. hald fram med å dela – og stel gjerne – for deling handlar om å gjera kvarandre betre.

Sekretariatet i DigiVestland skal sørgja for at retning, folk, fag og forventningar blir bundne saman. Vi hjelper, koordinerer, omset, koplar og ryddar veg. Vi gjer vårt beste for å vera staden der trådar møtest, utan å vikla seg inn i kvarandre. Ein stor og hjarteleg takk til gjengen i sekretariatet for innsatsen i 2025. Nettverksarbeid er ikkje alltid lett – men det er viktig, meiningsfullt og ofte ganske gøy. Særleg når vi ser resultata av det me skaper saman.

Og takk til:

  • De i kommunane som har komme med idear, innspel og delteke aktivt i arenaer, tiltak og prosjekt. De gjer samarbeidet levande – utan dykk hadde DigiVestland ikkje vore eit samarbeid.
  • Leiarane i faggrupper og nettverk. Takk for at de tek ansvar, held retning og får rommet til å fungera.
  • Representantane våre i nasjonale fag og utval. De gjer ein viktig jobb med å løfta perspektiva frå Vestland inn i nasjonale prosessar og ta tema tilbake til DigiVestland for diskusjon og innspel.
  • Prosjektleiarar, prosjektdeltakarar og styringsgruppene til prosjekta. Takk for at de løyser komplekse oppgåver slik at me når måla i prosjektet.
  • Kommunedirektørar og leiarar som har trua på samarbeidd, som både utfordrar og støttar – og som set tydelege forventningar til eigne organisasjonar og til oss.

I jula tek dei fleste ein velfortent pause – nokon ladar batteria, og enkelte ladar eigentleg berre opp til neste moglegheit til å snakka om utvikling og transformasjon. Når vi opnar døra til 2026, gjer vi det med ein fin twistpose av arenaer, tiltak og prosjekt. Nokre favorittar, nokre nykommarar og heilt sikkert eit par som får oss til å seia: «Denne låg ikkje i posen i fjor, gjorde han?»

Først ut i 2026 er samlinga «Øving i ein digital kvardag», som allereie har over 150 påmelde frå Vestland og resten av landet. Det lovar godt – både for energien, nysgjerrigheita og samarbeidslysta me tek med oss inn i eit nytt år.

God jul alle saman!

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev