• Aktuelt

NSM tilrår gode juleførebuingar

Jula er tid for fellesskap, tradisjonar og ro. Men også ei tid der kommunar kan vera sårbare for digitale og praktiske truslar og utfordringar. Nasjonalt sikkerheitsorgan tilrår derfor nokre enkle juleførebuingar som kan gi tryggleik og robustheit inn i det nye året.

Cybersjekk – eit verktøy alle kan bruka

Cybersjekk er NSMs lågterskel verktøy som gir konkrete råd om digital tryggleik.

  • Gratis og tilgjengeleg for alle verksemder – og relevant uavhengig av om dei er underlagde sikkerheitslova eller ikkje.
  • Gir ei enkel oversikt over styrkar og svakheiter - som igjen gir grunnlag for konkrete tiltak for di verksemds behov.
  • Kan brukast som beredskapslista de går gjennom før ferien.

Sjekk dørene før du dreg på juleferie – og sjekk systema før du loggar av.

Sjekk cybersjekk her! Lenke til et annet nettsted.

 

Topp 5 av grunnprinsippa

NSMs grunnprinsipp for IKT-tryggleik er som fem julegåver verksemder kan gi seg sjølve:

  • Oppdater system jamleg – tilsvarande som å sørgja for branntryggleik og byta batteri i røykvarslaren heime.
  • Styr tilgangane – berre dei som treng nøkkelen, skal ha han.
  • Ta sikkerheitskopi – ei gåve som reddar dagen når uhellet er ute.
  • Logg og overvak – som å ha på utelys og overvakingskamera på arbeidsplassen eller heime.
  • Bevisstgjer tilsette – den viktigaste gåva er kunnskap som kan omsetjast til handling.

Desse fem prinsippa gir eit solid fundament for tryggleik inn i 2026. Tryggleik handlar ikkje berre om teknologi – det handlar om kunnskap, menneske, fellesskap og førebuingar. Ved å ta nokre enkle grep no, kan både verksemder og privatpersonar gå jula og det nye året i møte med litt meir ro og tryggleik om å vera førebudd.

Sjå NSM sine grunnprinsipp her! Lenke til et annet nettsted.

Situasjonsforståing med Risiko 2025 – kva skal vi verna oss mot?

Risiko 2025 gir eit oppdatert bilete av trussel- og risikosituasjonen i Noreg. Rapporten gir eit overblikk over kva me bør rusta oss mot i år – og i året som kjem.

  • Bruk rapporten aktivt i verksemda di ettersom tryggleik berører alle.
  • Diskuter kva trendar som kan påverka dykk – korleis og kva truslar er verksemda mest utsett for?
  • Sett av tid til å førebu korleis styrkja beredskapen best mogleg der det trengst og som bidreg til å gjera verksemda meir robust.

God situasjonsforståing er som å ha oversikt over juleførebuingane: du slepp stress når du veit kva som kjem.

Les meir om Risiko 2025 her! Lenke til et annet nettsted.


Denne saka er kopiert frå NSM sine heimesider Lenke til et annet nettsted. (og sjølvagt oversatt til nynorsk). Så då bør vi også avslutta med å formidla vidare NSM sine ynske om at alle skal ha ei god jul!

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev