• Aktuelt

Kjenner du til ei digital løysing som set brukaren i sentrum og styrkjer universell utforming?

Har kommunen din eller nokon du kjenner til ei digital løysing som gir alle like moglegheiter og set brukaren først? Nominer kandidatar til Bufdirs årlege Brukeropplevingspris

Bufdir deler ut Brukeropplevingsprisen som ein del av arbeidet sitt for å hindra diskriminering og framme likestilling, inkludering og mangfald. Løysinga skal fungera like godt for alle, uavhengig av funksjonsevne, alder og andre individuelle skilnader.

Slik nominerer du kandidatar

Skal du nominera ei løysing du sjølv har jobba med, kan du fylla ut søknadsskjemaet Lenke til et annet nettsted..

Om du ønskjer å nominera andre du meiner fortener anerkjenning, kan du senda forslaget ditt til tone.alexandra.larsen@bufdir.no.

Nominasjonsfristen er 23. januar 2026.

Følgjande krav må oppfyllast for å bli vurdert

  • Løysinga må ha ei gjennomgåande god brukarvenlegheit og brukaroppleving. Teknisk kvalitet blir vurdert der dette påverkar opplevinga for sluttbrukaren
  • Løysinga må oppfylla krava til universell utforming (IKT-forskrifta)
  • Løysinga må kunna brukast av alle i målgruppa, anten dette er interne brukarar i ei verksemd eller eksterne brukarar

Les meir om prisen på Bufdir si nettside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev