• Aktuelt

40 kommunar øvde på digital beredskap i Bergen

Korleis handterer vi eit alvorleg cyberangrep mot kommunen? Det var hovudspørsmålet då Bergen kommune, DigiVestland, Statsforvaltaren i Vestland og KS Vest samla 240 deltakarar til beredskapsøvinga Øvelse PHISKELYKKE på Flesland 13.–14. januar.

Øvingsleiar Mali Hjemdal

Ein ny måte å øve på

Rundt 80 tilsette frå nesten alle medlemskommunene i DigiVestland var med på Øvelse Phiskelykke, som var ein del av samlinga «Øving – i ein digital kvardag». Arrangementet fann stad 13. og 14. januar på Flesland – og inkluderte også eit sterkt fagleg program med foredrag frå m.a. DSB, Telenor og NSM. Saman med medarrangørane ønskte Bergen kommune å gi deltakarane verktøy og kompetanse til å møta ein stadig meir krevjande digital kvardag. Konseptet er nytt og responsen frå deltakarane har vore stor.

Bakgrunnen for øvinga er tydeleg: risikoen for digitale hendingar aukar, og kommunane forvaltar verdiar som er attraktive mål. Digitale angrep kan lamma kritiske tenester, påverka tilliten til innbyggjarane og få store konsekvensar for heile lokalsamfunnet. Angrep kan ha økonomiske motiv eller vera retta mot å skapa utryggleik og kaos. Derfor må kommunane ikkje berre ha gode beredskapsplanar – dei må også øva på å bruka dei. Øvinga PHISKELYKKE hadde som mål å gi deltakarane både praktisk erfaring med ein digital krise og kompetanse i korleis ein planlegg og gjennomfører øvingar.

 

Realistisk scenario med høgt tempo

Tysdagen var sett av til ei omfattande speløving der deltakarane fekk kjenne på tidspress og krevjande avgjerder. Scenarioet var realistisk og kravde samarbeid på tvers av fagområde. Øvinga la særleg vekt på:

  • Situasjonsforståing
  • Samvirke med andre aktørar
  • Tydeleg kommunikasjon
  • God loggføring

Felles innsats gir styrka beredskap

Øvinga viste kor viktig det er å trena saman. Når 40 kommunar og fleire statlege aktørar møtest, får vi eit unikt høva til å dela erfaringar og byggja nettverk. Det gir styrkt beredskap – ikkje berre for kvar einskild kommune, men for heile regionen.Arrangørane håpar at øvinga inspirerer kommunane til å halda fram arbeidet med digital tryggleik og beredskap. Som øvingsleiar Mali Hjemdal frå DigiVestland undertrekar: «Vi må øvd for å vera førebudde, for å kunna verna innbyggjarana og sikra at viktige tenester fungerer – òg når det digitale blir trua

Onsdag heldt programmet fram med føredrag om mellom anna korleis ein øver godt, kva som skjer når data hamnar på darknet, og korleis kriseleiarar kan vera trygge og tydelege i krevjande situasjonar.

 

Sterkt engasjement og svært gode tilbakemeldingar

Ei evaluering gjennomført etter øvinga viser at deltakarane opplevde øvinga som både relevant og svært nyttig. Scenarioet trefte breitt og vart opplevd som realistisk, noko som bidrog til stor læringseffekt. Som ein deltakar uttrykte: «Vi har øvd masse og lært masse og funne mykje forbetringspotensial.» Øvinga fekk gjennomgåande toppskår, og dei fleste gav 5 av 5 stjerner.

Mange opplevde at kriseleiinga fekk testa vurderingsevne, kommunikasjon og samarbeid under press. Fleire kombinerte eige beredskapsplanverk med malane til øvinga, og einskilde peika på behov for forbetringar i digitale verktøy som Rayvn – nyttige innspel for vidare utvikling.

Deltakarane framheva òg at øvinga gav tryggleik og styrkte kompetansen i handtering av hendingar. Som nokon skreiv: «Vi har eit godt utbytte av øvinga og trygde oss sjølve på hendingshandsaming», «Jobba oss gjennom hendinga på ein tilfredsstillande måte, avdekte forbetringspunkt men nøgd med generell oppnåing», og «Klarte å tenkja både internt og eksternt kommunikasjon og tiltak, og bra måloppnåing. Interessant å vera fleire kommunar saman.»

Generelt viste tilbakemeldingane at øvinga var nyttig, gav deltakarane ny innsikt og ei betre forståing av korleis digitale kriser bør handterast.

Arrangementskomiteen

Inspirasjon til vidare arbeid

Den sterke deltakinga og dei gode evalueringane viser at felles trening gir stor verdi – både for å testa planverk, byggja kompetanse og styrkja relasjonar på tvers av kommunar og nivå. DigiVestland håpar at dette kan inspirera andre digitaliseringsnettverk og kommunar til å prioritera øving i ei tid der digital risiko er ein del av kvardagen.

«Samarbeidet mellom Bergen kommune, DigiVestland, Statsforvaltaren i Vestland, diginettverka og KS Vestland har skapt eit konsept som gir kommunane konkrete verktøy og erfaringar dei kan ta med seg vidare i beredskapsarbeidet sitt.» seier digitaliseringsdirektør i Bergen kommue, Kjetil Århus.

Kontakt

  • Mali Hjemdal Rådgivar i sekretatriatet (30%) E-post 45 66 16 75
Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev