Kommunane i DigiVestland har gjennom hausten og vinteren samarbeidd tett for å utvikle søknader til Helseteknologiordninga (HTO). DigiVestland la til rette for ein samla prosess som innebar alt frå idéverkstad til bruk av KI i skrivinga. Responsen frå deltakande kommunar har vore svært positiv og prosessen resulterte i fleire HTO-søknader.
Arbeidet starta i august, då over 50 deltakarar møttest til eHelse-samling på Terminus i Bergen. Her fekk kommunane informasjon om HTO, innspel frå Helsedirektoratet og ei praktisk verkstad leia av tenestedesignarar frå Bergen kommune. På berre éin dag klarte fleire kommunar å jobbe frå idé til konkret skisse for prosjekt, noko som imponerte deltakarane. I tillegg fekk kommunane ei innføring i korleis KI kan brukast smart og effektivt i søknadsskriving. Mange kommunar har vore med, og vi har prata litt med Arne Vidar Brekke frå Voss herad om deira erfaringar med denne prosessen.
I desember arrangerte DigiVestland eit "HTO Tinder‑webinar". Her fekk kommunane ti minutt kvar til å presentere prosjekt dei ønskte samarbeidspartnarar til. Alle presentasjonane vart gjort tilgjengelege i eit felles Teams‑område, slik at kommunane kunne finne kvarandre og sjå kven som jobbar med dei same utfordringane.
DigiVestland sitt initiativ til å samla kommunar til nettverksbygging og erfaringsutveksling gav utteljing for oss. Prosjektet vi søkte HTO om er ei spissa løysing for eit smalare felt, men vi fann raskt to kommunar som hadde avdekt det same problemet. Det er nok til å løfta søknaden på kriteriet om samarbeid, deling og gjenbruk.
- Arne Vidar Brekke, Voss herad.
I januar vart det arrangert digitalt skriveverkstad for kommunar som ville søke på HTO‑midlar. Deltakarane måtte sjølve melde at dei ønska å delta. Andreas Hering frå Ullensvang kommune og Preben Aleksander Tholo von Ahnen frå Bergen kommune delte erfaringar, tips og konkrete råd om innhald, struktur og bruk av KI for å styrke søknadene. Kommunane kunne også bestille «kompislesing», der dei las og gav innspel på kvarandre sine søknader.
Alt materiell, inkludert eksempel, sjekklister og presentasjonar, vart samla i ei lukka mappe som alle deltakarane fekk tilgang til. Dette vart svært godt mottatt.
Skriveverkstaden i regi av DigiVestland var ein god pep-talk for fullføring av eigen søknad, med matnyttige tips frå erfarne søknadsskrivarar. Bruken av KI til skrivestøtte er også eit godt tema å knyta opp mot søknadsskrivinga. Gjennom formulering av instruksar til KI’en (kalla “prompting“) tvingar ein seg sjølv til å definera rammer og mål for det ein ønskjer å formulera, som er ein god måte å løysa opp skrivesperre eller idétørke.
- Arne Vidar Brekke, Voss herad.
Alle prosjekta som vart presenterte i Tinder‑webinaret, vart også sende inn som søknadar til HTO 2026. Det synleggjer krafta i regionalt samarbeid og kommunar som løftar kvarandre.
Prosjekta er:
Fleire av søknadene svarar på behov som mange kommunar deler, og fleire prosjekt har potensial til å kome heile regionen til gode. Det er og løfta til KS e-helse nasjonalt at likelydande HTO prosjekt som får finansiering, som t.d. digital heimesjukepleie, bør få felles arenaer for samarbeid og erfaringsdeling, slik at resultata kan koma mange til nytte.
DigiVestland er svært nøgde med korleis kommunane tok del i denne første runda. Erfaringane er gode, samarbeidet tett og engasjementet stort. Erfaringane frå HTO‑arbeidet viser at samarbeid på tvers av kommunar gir betre retning og meir kraft i det digitale utviklingsarbeidet innan helse og omsorg. DigiVestland tar med seg dei gode erfaringane og ønskjer å gjenta opplegget for HTO i 2027, denne gongen med ein tidlegare start.
13. Februar blir publisert kven som har fått midlar til Hto-søknadene sine, og det ventar vi spent på!
Følg med her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Noko av denne teksten bearbeida med hjelp av Copilot (KI-verktøy). Innhaldet er kvalitetssikra av redaksjonen i DigiVestland.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Aslaug B. F. Lunde
Kontakt for KS nettverk e-helse
E-post
92 03 63 09
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev