Kommunane i DigiVestland har gitt eit samla innspel til arbeidet med ny nasjonal strategi for kompetanse innan digital omstilling. Erfaringane deira peiker på eitt klart behov: Skal kommunesektoren lukkast, må kompetanseutvikling, regelverk og digitalisering gå i takt – og utviklast i fellesskap på tvers av nivå og kommunegrenser.
Kommunane i DigiVestland løftar fram at digitalisering no er ein integrert del av den daglege verksemda. Nye digitale løysingar, endra arbeidsformer og aukande kompetansekrav påverkar heile organisasjonen – frå helse og oppvekst til plan, bygg, geodata, IKT, beredskap og administrative funksjonar.
For mindre kommunar kan dette vere ekstra krevjande når kapasiteten er avgrensa. Nettopp difor er felles innsats og delt læring så viktig. Når kommunar samarbeider, står dei sterkare – og kan både dele kompetanse og sikre betre tenester til innbyggjarane.
Eit sentralt poeng i innspela er behovet for å styrke generalistkompetansen. Dei fleste kommunar – store som små – melder om behov for ei felles forståing av korleis fag, teknologi, jus, tryggleik og gevinstarbeid heng saman i digitaliseringsprosessar.
Kommunane understrekar at kritisk kompetanse ikkje kan vere avhengig av enkeltpersonar. Ho må byggast inn i strukturar, arbeidsprosessar og samarbeidsarenaer som gjer organisasjonen meir robust over tid.
Mange kommunar i DigiVestland har etablert digitale råd, tryggingsråd og tverrfaglege miljø for å styrke heilskapen i vurderingar og prioriteringar. Særleg dei mindre kommunane har nytta regionen og fagnettverka aktivt for å få tilgang til kompetanse og støtte dei elles ikkje ville hatt ressursar til å bygge sjølve.
Regionale samarbeid og dei ulike diginettverka blir løfta fram som heilt avgjerande – både for kompetansedeling og for å sikre betre koordinering av utviklingsarbeid.
Ein gjennomgåande bodskap i innspela er at digital omstilling ikkje kan skje i eitt nivå om gongen. Når kommunane endrar arbeidsformer og tek i bruk nye digitale løysingar, må også nasjonale myndigheiter, regelverk og tilsyn utvikle seg i same retning.
Særleg blir det peikt på at tilsyn i større grad må tilpassast digitale arbeidsprosesser. Når digitale løysingar blir vurderte med analoge metodar, skaper det uvisse og unødvendig meirarbeid.
Kommunane etterlyser ein nasjonal strategi som:
Målet er ikkje høge ambisjonar på papiret, men rammer som gjer kommunane i stand til å lukkast i kvardagen.
Innspela frå DigiVestland-kommunane peiker på eigentleg enkel lærdom:
Digital omstilling krev felles retning, delt kompetanse og utvikling som skjer parallelt på tvers av nivå.
Når stat og kommunar utviklar seg i takt, kan vi bygge meir robuste organisasjonar, lukkast med omstilling og levere betre tenester – til beste for både innbyggjarar og lokalsamfunn i heile Vestland og tidlegare Sogn og Fjordane.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev