For å styrke faglege vurderingar og skape større tryggleik i arbeidet – til beste for barna – går barneverntenestene i DigiVestland saman om ei felles satsing på Barnevernfagleg kvalitetssystem (BFK). Målet er å løfte kvaliteten i heile regionen gjennom samarbeid, deling og praktisk læring.
Barneverntenestene i DigiVestland tek no eit samla steg for å styrke kvaliteten i arbeidet med barn og familiar. Stadig fleire kommunar har teke i bruk Barnevernfagleg kvalitetssystem (BFK), og erfaringane er tydelege: Fagverktøyet gjer vurderingane grundigare, dokumentasjonen tydelegare og drøftingane meir fagleg forankra.
Likevel opplever mange kommunar – særleg dei mindre – at det kan vere krevjande å kome i gang aleine. Kvardagen er travel, og tida til å setje seg inn i eit nytt system er knapp. I tillegg er kunnskapsmodellen ulikt implementert rundt om i regionen: Nokre kommunar har arbeidd systematisk over tid, medan andre er heilt i startfasen.
Difor går barneverntenestene i DigiVestland no saman om eit felles kvalitetsløft.
Barnevernfagleg kvalitetssystem er utvikla av Bufdir og inngår som ein del av satsinga til Digibarnevern. Systemet gir både fagleg og juridisk støtte i arbeidet med analyse, vurderingar, beslutningar og dokumentasjon.
Les meir om Barnevernfagleg kvalitetssystem Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
11. februar samla DigiVestland leiarar og fagressursar frå barneverntenestene til ein kick-off for den regionale satsinga. Under samlinga delte fleire kommunar erfaringar frå sitt arbeid med BFK, og deltakarane fekk utforske modellen gjennom praktisk arbeid med ein case.
Engasjementet var stort. Diskusjonane bar preg av openheit, fagleg styrke og gode refleksjonar – og ikkje minst ein vilje til å lære av kvarandre. Mange kunne slutte seg til erfaringane om at BFK gir støtte i det daglege arbeidet og bidrar til høgare kvalitet i tenestene.
Særleg verdifullt var bidraga frå mindre kommunar, som delte korleis dei har fått til systematikk og fagleg utvikling trass avgrensa ressursar. Desse erfaringane, saman med Bergen sine (som var tidleg ute med å ta i bruk BFK, deler av sine erfaringar med innføring og bruk) blir viktige for heile regionen i det vidare arbeidet.
Allereie 18. februar inviterer DigiVestland til ei ny workshop, open for alle tilsette i barneverntenestene som brukar – eller skal ta i bruk – Barnevernfagleg kvalitetssystem. Denne gongen blir fokuset endå meir praktisk: felles øvingar, refleksjon og læring på tvers av kommunar.
Saman skal barneverntenestene i regionen byggje eit sterkare fagmiljø og sikre betre tenester til barna og familiane.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev