• Aktuelt

Kvifor brukar vi 1,7 millionar i året per sjukeheimsplass, når 200 000 kan vere nok?

Silvija Seres stilte spørsmålet då kull 2 i DigiVestland sitt program for digital transformasjon møttes til samling 19-20 februar. Her var 50 deltakarar frå kommuneleiinga og hovudtillitsvalde frå kommunane Alver, Bergen, Bømlo, Lærdal og Stord.

Ullensvang er prosjekteigar for prosjektet, Kenneth Sandgolt er prosjektleiar frå Øygarden, og DigiVestland bidreg med prosessleiing ved Iren Ramsøy. I denne runden deltar òg Simen Soltvedt som er med i styringsgruppa for prosjektet.

Ein sjukeheimsplass kostar om lag 1,7 millionar kroner per år, medan tilpassing av ein bustad kan koste rundt 200 000 kroner. Seres peikte på at kommunane kjenner tala, men likevel ofte vel drift framfor omstilling. Poenget hennar var at digital transformasjon først og fremst handlar om val – ikkje om teknologi.

Ho viste også til ferske døme på kor raskt det teknologiske potensialet endrar seg, mellom anna innan robotikk. Dømet illustrerte tempoet i utviklinga og kvifor kommunane må vere i posisjon til å vurdere nye løysingar når dei kjem. Samstundes understreka ho at innovasjon krev kontroll på kjerneverksemda.

Programmet er arrangert av DigiVestland og byggjer på DI2X-rammeverket. DI2X sin daglege leiar i Noreg, Eirin Folde synleggjorde korleis mange kommunar ligg etter utviklinga i omgjevnadane, og gav deltakarane eit felles språk for å vurdere eigen modenheit.

Manglande samordning var eit gjennomgåande tema. Sidsel Nordhagen er dagleg leiar i KS Digital. Ho presenterte dei mulighetane som ligg i fellesløysingar og samarbeid. representerte peikte på parallelle anskaffingar som driv kostnader.

Kjetil Århus frå Bergen kommune og DigiVestland er også medlem av Digitaliseringsrådet. Han løfta fram ulike paradoks som fellesløysingar versus lokalt sjølvstyre. Vi tar sjeldan bort noko, men er flink å legga til. Kven har eigentleg mynde til å ta ut potensial og gevinstar?

Liv Vetås, HR-leiar i Askøy, var deltaker på kull 1 i kompetanseløftet. Ho viste korleis denne kommunen har gått “heim” etter dette programmet og gjort grep for å gå frå ord og inspirasjon, til handling. Dei tek no digital transformasjon heilt ut i fingerspissen til organisasjonen.

Neste samling er 18.–19. mars, med tema organisasjon og leiing. På denne samlinga blir tema korleis kommunane kan omsetje potensial og ambisjonar til praksis.

Les meir om kompetanseløftet, påmelding og datoar til kull nr 3 haust 2026 er no opna. Lenke til et annet nettsted.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev