• Aktuelt

Digdir lyser ut 8 millionar kroner til kommunale rettleiings- og opplæringstilbod innan digital kompetanse

Føremålet med tilskotsordninga er å leggja til rette for etablering av eit lågterskel rettleiingstilbod for innbyggjarar med liten eller ingen digital kompetanse. Kommunar som vil oppretta og utvikla eit tilbod om opplæring av innbyggjarane sine kan søkja. Søknadsfristen er fredag 28. august 2026.

Rettleiingstilbodet skal gi innbyggjarar høve til å tileigna seg dei grunnleggjande digitale ferdigheitene som trengst for å kunna ta i bruk digitale verktøy og digitale offentlege tenester frå kommune og stat. Målet er at tilbodet skal vera permanent etablert etter prosjektperioden.

Tilskotsordninga skal bidra til å nå målsettinga i digitaliseringsstrategien om auka digitale kompetanse hos dei gruppene som opplever digitale barrierar og digital utanforskap. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kven kan søkja?

Kommunen(e) må stå som søkjar, men tiltaket kan utførast i samarbeid med andre kommunar og/eller med hjelp frå frivillige organisasjonar.

Søkjarar som ikkje har fått tilskot tidlegare vil bli prioriterte. For å innhenta erfaringar med ulike modellar og nye måtar å gi rettleiing på, kan søkjarar som har fått støtte tidlegare òg søkja.

Korleis søkja?

Fyll ut dette søknadsskjemaet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Send det utfylte skjemaet, med eventuelle vedlegg til postmottak@digdir.no innan fredag 28. august 2026 kl. 23.59 med tittel: «Søknad om tilskudd til digital opplæring 2027».

Oversikt over kven som blir tildelt tilskot vil bli publisert på Digdirs nettside.

Tilskotet skal gå til

  • finansiering av rettleiing innan digitale ferdigheiter
  • kompetanseheving av personell som skal drifta rettleiingstilbodet
  • marknadsføring av tilbodet til aktuelle målgrupper
    leggja til retta for at innbyggjarar som treng det kan delta fysisk og få opplæring, t.d. universell utforming av rettleiingsstad eller kostnader til dekning av særskilde utgifter for transport av deltakarar som ikkje kan bruka vanlege kollektivtilbod
  • innkjøp av nødvendig spesialutstyr som er strengt nødvendig for å gjennomføra opplæring og rettleiing, t.d. skjerm for undervising og nokre smarttelefonar og nettbrett til undervisingsføremål

Les meir om vurderingskriterium og føresetnader for tildeling av tilskotet på Digdirs nettside. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev