Hausten 2026 blir det etablert to nye møteplassar: KI Norge Dialog og KI Norge Arena.
KI Norge har gjennomført eit innsiktsarbeid som viser at mange brukarar frå offentleg sektor ønskjer rettleiing i form av webinar og informasjonsmøte. Derfor etebleres nå KI Norge Dialog, ein serie med opne møte.
Kvart møte tar utgangspunkt i konkrete problemstillingar, og deltakarane får høve til å stilla spørsmål og diskutera seg imellom. Møta er digitale og blir arrangerte annankvar månad. Temaa vil variera frå møte tilmøte.
Komande møte:
KI Norge Arena er eit fagleg seminar som blir arrangert to gonger i året. Seminaret skal samla perspektiv frå næringslivet, akademia og offentleg sektor for å leggja til rette for kunnskaps- og erfaringsdeling på tvers.
Kvart seminar er vigd til eit hovudtema, som blir avgjort av det som til kvar tid pregar KI-feltet. KI Norge Arena vil gi faglege innlegg, erfaringsdeling og ein møteplass for diskusjon rundt moglegheiter og utfordringar.
Første arrangement vil gjennomførast 29. oktober 2026. Følg med på denne sida for meir informasjon. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev