• Oppvekst
  • Aktuelt

Retningslinjer for lærarar si bruk av KI

I faggruppe oppvekst er det etablert arbeidsgrupper som jobbar med avgrensa tema på vegner av alle kommunane i DigiVestland. Målet er å utvikle ressursar, dele erfaringar og kartleggje behov som kan kome heile samarbeidet til gode.

KI-køyrereglar for lærarar

Ei av arbeidsgruppene har sett nærare på bruk av kunstig intelligens i skulen. Gruppa består av representantar frå Askøy, Kvam og Ulvik, og har arbeidd med å utvikle retningslinjer for lærarar si bruk av KI.

Som del av arbeidet har gruppa hatt møte med jurist Ida Thorsrud i KS og Odin Nøsen, som har utvikla Randabergmodellen. Innspela frå desse møta har gitt gruppa verdifull fagleg støtte og hjelp i arbeidet.

Resultatet er ein plakat med «KI-køyrereglar for lærarar». Plakaten inneheld sju punkt som skal hjelpe lærarar til å bruke KI på ein trygg og føremålstenleg måte. Plakaten er utvikla for fellesskapet i DigiVestland, og vi håpar kommunane vil ta han i bruk som støtte for felles og gode praksisar for bruk av KI i skulen.

Last ned plakatane

  • Malin Malin Marøy Rådgivar i sekretariatet E-post +47 40 81 92 89
Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev