• E-helse
  • Aktuelt

E-helse DigiVestland søkjer nettverksressurs innan velferdsteknologi

DigiVestland ønskjer å styrkje arbeidet innan velferdsteknologi gjennom ein nettverksressurs som skal bidra til kunnskapsdeling, koordinering og erfaringsutveksling mellom kommunane i Vestland. Ressursen skal òg bidra til god samordning med nasjonale og regionale initiativ innan velferdsteknologi. Søknadsfrist for stillinga er 28. septemer.

Helseteknologi er eit viktig nasjonalt satsingsområde og eit sentralt verkemiddel for å møte framtidige utfordringar i helse- og omsorgstenestene. Innføring av helseteknologi og målretta arbeid med gevinstrealisering kan bidra til betre kvalitet, meir effektive tenester og auka meistring for innbyggjarane.

Om stillinga

Søknadsfrist: 28. september 2026
Oppstart: Så snart som mogleg

Vi ønskjer å frikjøpe inntil 80 prosent stilling med hovudvekt på nettverksarbeid og velferdsteknologi.

Nettverksressursen må vere tilsett i ein kommune i Vestland og blir frikjøpt frå eigen kommune etter avtale med næraste leiar. Frikjøpet gjeld i utgangspunktet ut 2026, med moglegheit for forlenging.

Stillinga kan organiserast som ei 80 prosent stilling eller delast mellom to til tre personar med ulik stillingsprosent, dersom det er formålstenleg.

Nettverksressursen blir ein del av faggruppe e-helse i DigiVestland, eit kompetent fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer.

Arbeidsoppgåver

Som nettverksressurs vil du mellom anna:

  • følgje opp nasjonale satsingar innan velferdsteknologi, inkludert kommande innføringsløp og arbeid med gevinstrealisering
  • dele kunnskap, gode praksisar og erfaringar mellom kommunane
  • innhente og formidle behov, erfaringar og utfordringar frå kommunane
  • planleggje og gjennomføre nettverkssamlingar og andre arenaer for erfaringsdeling
  • bidra i dialog med KS, Helsedirektoratet, Norsk helsenett og andre relevante aktørar
  • bidra i aktuelle oppgåver i faggruppa for e-helse og DigiVestland sitt sekretariat

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer ein person som:

  • har erfaring frå helse- og omsorgssektoren i ein kommune
  • har kunnskap om eller erfaring med velferdsteknologi og digitalisering
  • har gode samarbeidsevner og trivst med nettverksarbeid
  • kommuniserer godt munnleg og skriftleg
  • arbeider sjølvstendig og strukturert
  • er god til å leie møte og fasilitere prosessar

Vi tilbyr

  • ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og samfunnsengasjert fagmiljø knytt til Bergen kommune sitt e-helsemiljø
  • høve til å bidra til berekraftig utvikling og digital omstilling av helse- og omsorgstenestene i kommunane
  • frikjøp og løn etter nærare avtale
  • hovudarbeidsstad i eigen kommune, med moglegheit for kontorplass på Bergen rådhus etter avtale
  • noko reiseverksemd, men mykje av samarbeidet kan gjennomførast digitalt
  • stor grad av fridom og ansvar

Kvifor vere nettverksressurs?

Som nettverksressurs får du ei sentral rolle i arbeidet med å ta i bruk velferdsteknologi og støtte kommunane i gevinstrealisering.

Du får tilgang til sterke regionale og nasjonale fagnettverk, tidleg innsikt i nasjonale satsingar og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Samtidig vil kompetansen og erfaringane du byggjer opp kome både eigen kommune og kommunesektoren til gode.

Stillinga er basert på frikjøp frå eigen kommune. Søknaden skal derfor sendast til DigiVestland frå kandidaten sin næraste leiar, som stadfestar at kommunen ønskjer å stille ressursen til disposisjon.

Send søknad og CV til Aslaug Lunde: aslaug.lunde@bergen.kommune.no

For informasjon om stillinga, ta kontakt med:

Aslaug Lunde,
Kontaktperson e-helse DigiVestland
aslaug.lunde@bergen.kommune.no
Tlf. 920 363 09

Kristin Brekke,
Seksjonsleiar, Seksjon for e-helse
kristin.brekke@bergen.kommune.no
Tlf. 408 724 04

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev