Søknadsfrist: 25. mars 2026
Oppstart: snarast mogleg
Kommunane i Vestland står framfor viktige løft innan e‑helse – og no treng vi dykk som vil vere med å forme framtidas digitale helsetenester. Gjennom tre målretta tiltak skal vi styrkje innbyggjarinformasjon, utvikle betre planverk og auke den digitale beredskapsevna. For å lukkast treng vi kloke hovud frå fleire kommunar, slik at løysingane blir treffsikre, robuste og til nytte for både kommunar og innbyggjarar.
DigiVestland søkjer fagpersonar som kan bidra i tre arbeidsgrupper innan e‑helse. Ressursane blir frikjøpte i avtalt stillingsprosent, og arbeidet skjer i tett samarbeid med e‑helsesekretariatet – eit kompetent og engasjert fagmiljø som jobbar for betre samhandling og utvikling av digitale helsetenester i heile Vestland.
Tiltaka er finansierte gjennom Oppdragsbrev om innføring av helseteknologi og prioriterte samhandlingstiltak i kommunal sektor. Oppdragsbrevet er ein del av ei nasjonal satsing på felles innføringsmodellar og betre samhandling i kommunal e‑helse, og er utvikla av KS i samarbeid med Norsk helsenett og dei regionale digitaliseringsnettverka. Målet er å støtte kommunane i arbeidet med innføring, bruk og gevinstrealisering av helseteknologi og samhandlingsløysingar.
For å sikre god lokalkunnskap og brei forankring skal deltakarane i arbeidsgruppene kome frå fleire kommunar i Vestland. Slik får vi inn ulike perspektiv, erfaringar og behov – noko som gir meir treffsikre resultat for både fylket og resten av landet.
Under finn du detaljert informasjon om arbeidsoppgåver og ressursbehov for kvart tiltak.
Tiltak 1: Informasjon om velferdsteknologi på kommunale nettsider
Gruppa skal:
Tiltak 2: Mal for handlingsplan for e helse
Gruppa skal:
Tiltak 3: Beredskapsøvingar – e helse
Gruppa skal:
Send kort søknad og CV til:
Aslaug Lunde – aslaug.lunde@bergen.kommune.no
Presiser om du søkjer som leiar eller deltakar.
Du må avklare frikjøp med eigen leiar før du sender søknad.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Aslaug B. F. Lunde
Kontakt for KS nettverk e-helse
E-post
92 03 63 09
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev