Utdrag frå samarbeidsavtalen
Samarbeidet skal styrke og koordinere kapasiteten og kompetansen som kommunane har til å digitalisere. Samarbeidet skal bidra til at kommunane tek del i digitalisering av offentleg sektor i tråd med nasjonale strategiar. Samarbeidet skal også bidra til å styrke den regionale delen av samstyringsstrukturen.
Kommunane i Vestland etablerer DigiVestland for å samarbeide aktivt om å bruke samstyringsstrukturen som KS har for digitalisering. Samarbeidet skal bidra til å utvikle tenestene som skal leverast av kommunane.
Kommunane treng kompetanse om dei digitale økosystema i offentleg sektor for å kunne bidra til utviklingsarbeid og ta ut tenestene som blir levert. DigiVestland vil vere verktøyet kommunane har for å forstå og nytte seg av dei digitale økosystema, der til dømes KS Digital, Norsk helsenett og Digitaliseringsdirektoratet inngår.
DigiVestland skal bidra til at kommunane har nytte av kvarandre gjennom å samarbeide innanfor dei tjenesteområda som er del av KS’ samstyringsstruktur. Deltakarkommunane skal samarbeide om å
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev