Kvar kommune i DigiVestland‑samarbeidet har eit eige kontaktpunkt som fungerer som eit nav for informasjonsflyt mellom kommunen og DigiVestland. Ordninga skal sikre god samhandling, tydeleg kommunikasjon og betre koordinering av behov og innspel.
I kvar medlemskommune er det peikt ut eitt kontaktpunkt for informasjon og dialog med DigiVestland. Kontaktpunktet har ei sentral rolle i å vidareformidle informasjon internt i eiga verksemd, særleg på område der DigiVestland ikkje har oversikt over kven som arbeider med dei aktuelle oppgåvene. Dermed kan informasjon nå rett miljø til rett tid. For fagområde som har etablerte faggrupper eller nettverk i DigiVestland, går informasjonsflyten i hovudsak via deltakarane frå kommunen som deltek i desse arenaene.
DigiVestland vurderer når det er hensiktsmessig at kontaktpunktet skal stå på kopi i kommunikasjon frå samarbeidet og ut til kommunane, også for område der fagpersonar deltek i arenaer. Dette blir gjort for å sikre at kontaktpunktet får nødvendig oversikt for å kunne støtte informasjonsflyt og koordinering på heimebane i eigen kommune.
Medarbeidarar i kommunane som ønskjer å spele inn behov eller kome med innspel til DigiVestland, blir oppmoda om først å ta ein prat med kontaktpunktet i si kommune. Dette sikrar samordna kommunikasjon og gjer det enklare å løfte sakene inn i samarbeidet på ein strukturert og føreseieleg måte.
Mange av kontaktpunkta deltek i fagforum for digitaliseringstenester, som er ein arena for samarbeid, informasjonsdeling og dialog om fellesløysingar, felleskomponentar, prosjekt og tiltak som påverkar medlemskommunane – og som ikkje naturleg høyrer heime i dei eksisterande faggruppene.
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev