Påmelding til aktivitetar

Meld deg på våre faggruppesamlingar og andre arrangement!

På denne sida legg vi ut påmeldingsskjema for opne aktivitetar i Digi Vestland som krev påmelding. Ta ein titt i kalenderen eller sjå lenger nede på denne sida for å finne ut kva som skjer. Medlemmar og registrerte deltakarar vil få ei varsling på e-post når vi publiserer nye invitasjonar til fagrupper dei har deltatt i tidlegare.

Om du ikkje finn skjemaet eller informasjonen du er ute etter, kan du ta direkte kontakt med den enkelte faggruppa eller sekretariatet i Digi Vestland.

Under finn du gjennomførte webinar og andre aktivitetar. Aktivitetar markert i grått er allereie gjennomført, men aktivitetar markert i kvitt er aktive aktivitetar du kan melde deg på.

2021

Informasjonsmøte: Pilotering av regional rettleiarteneste

Dato: 15. desember 2021 kl. 08:30 - 09:15
Arrangør:
Fagnettverk for Oppvekst
Kontaktperson:
Steinar Hjelset (steinar.hjelset@karabin.no)

Skildring

Fagnettverk for Oppvekst startar med pilotering av ei regional rettleiarteneste innafor personvern og informasjonssikekrheit i oppvekstsektoren. I den samanheng blir det arrangert eit opent informasjonsmøte på Teams for alle kommunar som ønskjer meir informasjon.

Les meir og meld deg på:

Pilotering av regional rettleiarteneste for personvern og informasjonstryggleik i skulen

Webinar om datasjø

Dato: 30. november 2021
Arrangør: Sekretariatet Digi Vestland
Målgruppe: Tilsette som jobbar med digitalisering eller innovasjon, tilsette med ansvar for prosessforbetring og gevinstar, og andre tilsette som er interessert i temaet
Kontaktperson: Simen Soltvedt (
simen.soltvedt@bergen.kommune.no)

Skildring

Sekretariatet ønskjer å invitere til eit webinar om datasjø, kva det er og korleis ein kan arbeide med det. I webinaret fortalte Bergen kommune om korleis dei har jobba med datasjø og viste eksemplar for bruksområde. Sekretariatet ønskjer å finne ut om løysinga Bergen kommune har jobba med kan bli brukt av andre kommunar i samarbeidet.

Les meir:

Webinar om datasjø

Informasjonsmøte om regionalt løft før påkopling til KS Min Side

Dato: 25. oktober 2021
Arrangør: Sekretariatet Digi Vestland
Kontaktperson: Simen Soltvedt (
simen.soltvedt@bergen.kommune.no)

Skildring

KS Min Side er ein sikker og personleg portal der innbyggjarar får tilgang til relevante digitale tenester frå alle kommunane dei har eit forhold til. Løysinga er eit viktig verkemiddel for å setje fart på digitaliseringa i kommunane gjennom å tilby brukarorientert dialog og sjølvbetening. Portalen legg til rette for at vi raskare og rimelegare kan utvide og rulle ut nye tenester til innbyggjarar og næringsliv.

Les meir:

Informasjonsmøte om regionalt løft før påkopling til KS Min Side

Dronar i kommunen - kvifor og korleis?

Dato: 1. oktober 2021
Arrangør: Faggruppe for plan, bygg og geodata
Målgruppe: Tilsette som jobbar med dokumentsenter, digitalisering, byggesak og/eller geodata
Kontaktperson: Leiar for fagnettverket (sjå kontaktinformasjon på
faggruppa sine sider)

Skildring

Faggruppa inviterte til eit webinar om dronar i kommunen gjennom case frå ulike sektorar i Alver kommune sitt drone- og utviklingsprosjekt.

Les meir:

Dronar i kommunen - kvifor og korleis?

Webinar med leverandør for eByggesak

Dato: 28. april 2021
Arrangør: Faggruppe for plan, bygg og geodata
Målgruppe: Tilsette som jobbar med dokumentsenter, digitalisering, byggesak og/eller geodata
Kontaktperson: Leiar for fagnettverket (sjå kontaktinformasjon på
faggruppa sine sider)

Skildring

Faggruppe for plan, bygg og geodata inviterte til eit webinar med ulike leverandørar av eByggesak. Leverandørane gjennomførte ein live-demo av deira løysing for eByggesak og viste kva ein ville sjå igjen i ePlansak.

Les meir:

Webinar med leverandør for eByggesak

Webinar med KS om erfaringar frå Østre Toten

Dato: 8. april 2021
Arrangør: Faggruppe for personvern og informasjonssikkerheit
Målgruppe: Rådmenn, kommunalsjefar, IKT-ansvarlege og andre med eit særleg ansvar eller forhald til personvern og informasjonstryggleik i kommunane
Kontaktperson: Leiar for fagnettverket (sjå kontaktinformasjon på
faggruppa sine sider)

Skildring

Med utgangspunkt i anbefalingsbrevet alle kommunane mottok frå KS angåande temaet, er det ein ambisjon om å starte eit fellesprosjekt for å avklare og realisere dei delane av dette som kan løysast i fellesskap. Webinaret var eit første steg i den retninga.

Les meir:

Webinar med KS om erfaringar frå Østre Toten

Webinar om personvern og informasjonstryggleik

Dato: 3. februar 2021
Arrangør: Faggruppe for personvern og informasjonssikkerheit
Målgruppe: Rådmenn, kommunalsjefar, IKT-ansvarlege og andre med eit særleg ansvar eller forhald til personvern og informasjonstryggleik i kommunane
Kontaktperson: Leiar for fagnettverket (sjå kontaktinformasjon på
faggruppa sine sider)

Skildring

Faggruppe for informasjonssikkerheit og personvern inviterte 3. februar til eit webinar om personvern og informasjonstryggleik. Webinaret besto av to deler, der den første delen var eit opent webinar der Digdir presenterte sin nye rapport om arbeidet med informasjonstryggleik i kommunar og fylkeskommunar. Den andre delen var eit faggruppemøte som var opent for alle deltakarar i webinaret.

Les meir:

Webinar om personvern og informasjonstryggleik

2020

Webinar om digitalisering i grunnopplæringa

Dato: 8. desember 2020
Arrangør: Fagnettverk for oppvekst
Målgruppe: Rådmenn/kommunaldirektørar, kommunalsjefar/tenesteeigarar innafor skule/oppvekstområdet, IT-leiarar og andre som er interessert i digitaliseirng innafor grunnopplæringa
Kontaktperson: Leiar for fagnettverket (sjå kontaktinformasjon på
faggruppa sine sider)

Skildring

I lys av "Handlingsplan for digitalisering av grunnopplæringa", ønska Digi Vestland å bidra aktivt inn i realiseringa saman med KS. Derfor vart det invitert til eit webinar der departementet orienterte om handlingsplanen og betydninga i ei tid der teknologi i aukande grad kan berike undervisninga og lærarar må ha nødvendig kompetanse til å ta i bruk teknologien på ein god måte. I etterkant av webinaret inviterte Digi Vestland dei deltakande kommunane til ei felles drøfting der ein kunne samarbeide og mobilisere den enkelte kommune i arbeidet med å realisere handlingsplanen, SkoleSec og andre tiltak innafor oppvekstsektoren gjennom tiltak på tvers av kommunane i Vestland.

Les meir:

Digitalisering i grunnopplæringa

Webinar om verksemdsarkitektur i kommunal sektor

Dato: 19. november 2020
Arrangør: Faggruppe for verksemdsarkitektur
Målgruppe: Rådmenn/kommunaldirektører, kommunalsefar/tenesteeigarar, IT-leiarar og andre som er interessert i samanheng mellom tenester, prosessar, system og infrastruktur
Kontaktperson: Leiar for faggruppa (sjå kontaktinformasjon på
faggruppa sine sider)

Skildring

Verksemdsarkitektur blir sett på som ein viktig føresetnad for vidare utvikling av digitale tenester. For å kunne gjere nytte av kommunale og nasjonale fellesløysingar er det viktig at kommunane har robuste løysingar, tenester og infrastruktur. Dette inneber at kommunane må ha kontroll på sin verksemdsarkitektur: tenester og prosessar, systemportefølje, integrasjonar og infrastruktur.

Våren 2020 vart det gjennomført eit prosjekt med fokus på arkitekturlandskap i kommunal sektor i regi av Digi Vestland. I etterkant av webinaret var det moglegheit til å melde interesse til deltaking på eit nytt arkitekturlandskapsprosjekt.

Les meir:

Verksemdsarkitektur i kommunal sektor

Digital samling om M365

Dato: 23. oktober 2020
Arrangør: Faggruppe for IT drift
Målgruppe: Tilsette i kommunen som jobbar med blant anna digitalisering, drift og forvalting av M365, og/eller innføring, bruk og opplæring knytt til M365
Kontaktperson: Koordinator for faggruppa, Tine Nielsen (
tine@digivestland.no) eller leiar for faggruppa (sjå kontaktinformasjon på faggruppa sine sider)

Skildring

Ettersom fleire kommunar i Vestland har tatt i bruk, eller er i ferd med å ta i bruk, Microsoft 365 (M365) inviterte Digi Vestland ved faggruppe for IT drift til ei digital samling saman med Microsoft. Samlinga besto av sju sesjonar der dei ulike sesjonane kunne vere relevante for forskjellige ressursar i kommunen. Alle presentasjonar frå samlinga finnast tilgjengeleg via lenka under.

Les meir:

Digital samling med Microsoft

Webinar om informasjonstryggleik og personvern

Dato: 9. september 2020
Arrangør: Faggruppe for informasjonssikkerheit og personvern
Målgruppe: Rådmenn, kommunalsjefar, IKT-ansvarlege og andre med eit særleg ansvar eller forhald til personvern og informasjonstryggleik i kommunane
Kontaktperson: Leiar for faggruppa (sjå kontaktinformasjon på
faggruppa sine sider)

Skildring

I samarbeid mellom Bergen kommune og Digi Vestland v/ faggruppe for informasjonssikkerheit og personvern, vart det arrangert eit webinar om arbeidet Bergen kommune gjorde med heilskapleg gjennomgang av personvern og informasjonstryggleik. Webinaret var ein del av faggruppa sitt møte 9. september på Teams. Webinaret fokuserte på endringar som var gjort første halvår 2020 i Bergen kommune sitt arbeid med heilskapleg gjennomgang av personvern og informasjonstryggleik. Bakanforliggande årsaker, tilnærming, aktivitetar og erfaring som er gjort så langt i arbeidet blei presentert som første del av møtet.

Les meir:

Informasjonstryggleik og personvern

Saman om digitalisering innafor plan, bygg og geodata

Dato: 18. juni 2020
Arrangør: Faggruppe for plan, bygg og geodata
Målgruppe: Kommunalsjefar, linjeleiarar og andre med eit særskilt ansvar for, eller forhald til, digitalisering innafor plan, bygg eller geodata i kommunane
Kontaktperson: Leiar for faggruppa (sjå kontaktinformasjon på
faggruppa sine sider)

Skildring

Store nasjonale prosjekt innafor dei tekniske områdane vil påverke kommunane i tida framover. Dette er løysingar som skal forenkle og forbetre kommunane sine moglegheiter til å skildre god plan- og byggesaksprosessar og betene innbyggjarar og næringsliv. Samtidig settast nye private byggesøknadsløysingar i produksjon. Dei nye tenestene krev tilpassingar i tekniske løysingar og infrastruktur, men vil òg påverke kommunane sine arbeidsprosessar og samhandlinga med innbyggjarar og næringsliv. Dette vil ha betydning for måten tenestene organiserast på og skal bidra til ein meir effektiv saksbehandling i kommunane.

Les meir:

Saman om digitalisering innafor plan, bygg og geodata