Påmelding til aktivitetar

Meld deg på våre faggruppesamlingar og andre arrangement!

På denne sida legg vi ut påmeldingsskjema for opne aktivitetar i Digi Vestland som krev påmelding. Ta ein titt i kalenderen eller sjå lenger nede på denne sida for å finne ut kva som skjer. Medlemmar og registrerte deltakarar vil få ei varsling på e-post når vi publiserer nye invitasjonar til fagrupper dei har deltatt i tidlegare.

Om du ikkje finn skjemaet eller informasjonen du er ute etter, kan du ta direkte kontakt med den enkelte faggruppa eller sekretariatet i Digi Vestland.

Webinar om datasjø

Dato: tysdag 30. november 2021

Tidspunkt: kl. 13.00 til 14.30

Sted: Teams. Lenke blir sendt når du er påmeldt

Arrangør: Sekretariatet i Digi Vestland


Datasjø - kva er det og kva kan det brukast til?

Datasjø, dataplattform, datasky eller datapytt? Kjært barn har mange namn, men kva er det eigentleg, kva kan den bli brukt til og kva gevinstar kan det gi?

Vi har invitert Hildegunn Grindheim frå Bergen kommune til å fortelle korleis dei har arbeida med datasjø, og vise eksempler på bruksområde for løysinga. Føresetnader og suksesskriterier for bruk av datasjø som verkemiddel blir også tema.

Gjenbruk i andre kommunar?
Sekretariatet ønsker å finne ut om Bergen kommune si løysing kan bli brukt av andre kommunar i samarbeidet. På slutten av webinaret vil kommunane difor bli invitert til å forske vidare på hypotesen: «Vi kan gjenbruke Bergen kommune sin datasjø i andre kommunar i Digi Vestland og det vil gi gevinstar for kommunane».

Målgruppe

  • tilsette som jobber med digitalisering eller innovasjon

  • tilsette med ansvar for prosessforbetring og gevinstar

  • andre tilsette som er interessert i temaet

Dokumenter


Kontaktperson

Simen Soltvedt
Sekretariatet i Digi Vestland

Mob. 97141707

Epost: simen.soltvedt@bergen.kommune.no

Informasjonsmøte og regionalt løft for påkopling til KS Min Side

KS Min Side er ein sikker personleg portal der innbyggjarar får tilgang til relevante digitale tenester frå alle kommunane dei har eit forhold til. Løysinga er eit viktig verkemiddel for å setje fart på digitaliseringa i kommunane gjennom å tilby brukarorientert digital dialog og sjølvbetening. Portalen legg til rette for at vi raskare og rimelegare kan utvikle og rulle ut nye tenester til innbyggjarar og næringsliv.

I dag er det få kommunar i Digi Vestland-samarbeidet som har tatt i bruk KS Min Side. Styringsgruppa i Digi Vestland meiner at dette kan bidra til å avgrense utnyttinga av eksisterande felleskomponentar og moglegheitsrommet for vidare utvikling av nye digitale tenester. Som eit verkemiddel for å få fleire kommunar til å ta i bruk løysinga, har styringsgruppa vedteke å starte eit felles regionalt arbeid for påkopling til KS Min Side. Kostnad for påkopling til løysinga blir dekket gjennom kommunane sin grunnfinansiering av Digi Vestland.

Tema for møtet er informasjon om kva KS Min Side er, kva tenester som finnast på Fiks-plattforma, plan for påkopling av kommunane, kva som krevjast av den enkelte kommune og plan for det vidare arbeidet med verdiauking av løysinga.

Alle medlemskommunane oppfordrast til å delta. Kvar kommune kan stille med fleire deltakarar.

Vel møtt!






Når: Måndag 25. oktober 2021, kl. 13:00 – 15:00
Kor: Teams (påmelding til venstre)
Arrangør: Sekretariatet i Digi Vestland




Kontaktperson

Simen Soltvedt
Sekretariatet i Digi Vestland

Mob. 97141707

Epost: simen.soltvedt@bergen.kommune.no

Spørsmål?

Ta kontakt med Tine Nielsen: tine@digivestland.no