Digitalisering i grunnopplæringa

Webinar 8. desember 2020

Digi Vestland ved fagnettverk for oppvekst, inviterte til eit webinar om digitalisering i grunnopplæringa 8. desember frå 13:30 - 15:00.

Kunnskapsdepartementet presenterte ikkje lenge etter webinaret, "Handlingsplan for digitalisering av grunnopplæringa". Digi Vestland ønska å bidra aktivt inn i realiseringa av denne saman med KS. Derfor vart det invitert til eit webinar der departementet orienterte om handlingsplanen og betydinga i ei tid der teknologi i aukande grad kan berike undervisinga og lærarar må ha nødvendig kompetanse til å ta i bruk teknologien på ein god måte.

Digi Vestland inviterte dei deltakande kommunane til ei felles drøfting i etterkant av webinaret, der ein kan samarbeide og mobilisere den enkelte kommune i arbeidet med å realisere handlingsplanen, SkoleSec og andre tiltak innafor oppvekstsektoren gjennom felles tiltak på tvers av kommunane i Vestland.

Agenda

  • Utfordringar som ikkje lar seg løyse aleine v/kommunaldirektør Trine Samuelsberg (Bergen kommune)

  • Handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa v/ Jørgen Risvig-Jellum (Kunnskapsdepartementet)

  • Kva inneber dette for kommunane? v/ Lene Karin Wiberg (KS)

  • SkoleSec - personvern og informasjonstryggleik knytt til digitalt læringsmiljø v/ Christian Sørbye Larsen (KS)

  • Digitaliseringsnettverka sin rolle i realiseringa av ein digital oppvekstsektor v/ Lene Karin Wiberk (KS) og Ole Ekroll (Bergen kommune)

Målgruppa for webinaret var rådmenn/kommunaldirektørar, kommunalsjefar/tenesteeigarar innafor skule/oppvekstområdet, IT-leiarar og andre som er interessert i digitalisering innafor grunnopplæringa.

Alle kommunane i Vestland vart invitert. Sjå presentasjonane frå webinaret under.

Spørsmål?

Har du spørsmål til webinaret eller andre initiativ innafor fagområdet? Ta kontakt med leiar for fagnettverk oppvekst, sjå kontaktinformasjon på fagnettverket sine sider.

Handlingsplan og SkoleSec innlegg KS og KD DigiVestland 081220.pdf