Datasjø

Portefølje --> Datasjø

Datasjø

Bakgrunn

Bergen kommune har gjennom fleire år jobba med utvikling av ein datasjø-løysing. Datasjøen er ei teneste som skal gjere det enklare å dele data. Datasjøen er skybasert dataplattform som gir det mogeleg å samle data på ein stad og tilgjengeliggjøre den for relevante brukarar.

Det vil vere krevande for små og mellomstore kommunar å etablere ein eigen datasjø. Sekretariatet ønsker difor å finne ut om Bergen kommune si løysing kan bli brukt av andre kommunar i samarbeidet.


Aktivitetar

30. november blei medlemskommunane i Digi Vestland invitert til eit webinar om datasjø og på slutten av webinaret blei kommunane invitert til å forske vidare på hypotesen: «Vi kan gjenbruke Bergen kommune sin datasjø i regional kontekst og dette vil gje gevinstar for kommunane». Målet er å gjennomføre ein pilot der ein eller fleire av medlemskommunane bruker Bergen kommune si datasjøplattform til å samle og tilgjengelegjere eigne data. Gjennom piloten vil vi lære og finne ut om det er mogeleg og hensiktsmessig å bruke Bergen kommune sin datasjø i andre kommunar. Aktiviteter fram til etablering av pilot:


Status desember 2021

Fem kommunar har meldt sin interesse for å bli med på møte med interessenter i januar. Første møte blir gjennomført 10. januar 2022.


Sjå også:

Webinar datasjø

Kontakt

Simen Soltvedt

Tiltakskoordinator

Tlf: 97 14 17 07

E-post: simen.soltvedt@bergen.kommune.no