Digi-helsestasjon

Framside / Portefølje / Digi-helsestasjon

Bakgrunn for prosjektet

Dagens helsestasjon- og skulehelseteneste ber i stor grad preg av at kommunikasjonen mellom brukarar og kommunen sine tenester er basert på brev, telefon, fysisk oppmøte og e-post. Innbyggjarar som ønskjer å bruke tenestene kan i dag oppleve det som utfordrande å kome i kontakt. Samtidig er det enkelte grupper som ikkje har lett for å ta kontakt med tenestene, som ungdom og særleg unge gutar. På den andre sida er det ressurskrevjande for tenestene å svare på førespurnader parallelt med det operative arbeidet. Fleire av førespurnadene inkluderer helseopplysningar som krev ein sikker kanal for å kunne svare på, mens andre førespurnader gjeld meir administrative saker rundt tenester og avtaler.

Mål for prosjektet

Kjernen i Digi-helsestasjon er å tilby sikker digital kommunikasjon og digitale tenester for gravide, foreldre med barn i alderen 0–5 år, samt barn og unge i skulehelsetenesta og helsestasjon for unge. Brukarane skal oppleve ei betre, tryggare og meir tilgjengeleg teneste, mens kommunane kan auke den faglege kvaliteten samtidig med at dei reduserer ressursbruken knytt til blant anna kommunikasjon, journalføring og avtaler der brukarane ikkje møter opp.

Målet for Digi Vestland er at alle kommunane i fylket raskt og effektivt tek i bruk Digi-helsestasjon, og at dei er i stand til å realisere gevinstpotensialet løysinga gir.

Utviklinga av ungdomsløpet er i gang

Den første fasen i utviklinga av Digi-helsestasjon er ferdigstilt, og løysinga for tenester til gravide og foreldre er på plass. No står den andre fasen for tur. Den handlar om utviklinga av det såkalla ungdomsløpet, som truleg er den første nasjonale digitale innbyggertenesta innanfor ungdomshelse i kommunane.

Det første møtet i Bergen/Vestland si styringsgruppe for ungdomsløpet finn stad 12. november. Her blir mandatet for prosjektet gjennomgått og behandla. Om alt går etter planen, skal piloten av ungdomsløysinga bli ferdig før sommaren 2022.

Utbreiing av Digi-helsestasjon

Er din kommune interessert i å ta i bruk Digi helsestasjon?

Digi Vestland inviterer til felles gjennomgang av innføringshandboka for Digi-helsestasjon. Vi vil også yte støtte og gjennomføre fleire aktivitetar for å hjelpe kommunane med å ta i bruk Digi-helsestasjon, basert på kommunane sine behov og innspel. Vi ønskjer derfor tilbakemelding frå alle kommunane i Vestland, via skjemaet nedanfor.

Presentasjonen frå møtet i Faggruppe for e-helse 18. oktober gir eit overordna blikk på Digi-helsestasjon, korleis kommunane kan komme i gang og kva for støtte Digi Vestland kan bidra med

211018 Faggruppe for e-helse - Digi-helsestasjon.pdf

Spørjeskjema om utbreiing av Digi-helsestasjon

Status desember 2021

Løysinga i fase 1 er i hovudsak ferdig utvikla, og klar for implementering i kommunane. Pilotering og utvida utprøving er gjennomført av utvalde kommunar på Vestlandet. I etterkant av piloten har éin av dei tre EPJ-leverandørane gjort endringar som dessverrre fører til at ei rekkje kommunar i Vestland ikkje kan ta i bruk Digi-helsestasjon med det første. Vi vil likevel satse på ei breiast mogleg utrulling i 2022, gjennom eit regionalt prosjekt i Digi Vestland. Vi har i den forbindelse utbreidd ei innføringshandbok, som KS i etterkant har løfta som ein nasjonal rettleiar for alle kommunane.

Ungdomsløysinga i fase 2 er under utvikling, og skal etter planen ut i pilot i løpet av våren 2022. Digi Vestland har søkt om skjønnsmidlar til ei prosjektleiarstilling i utviklingsprosjektet. I tillegg er vi representerte i styringsgruppa for den lokale piloten. På den måten vil vi bidra til at løysinga blir så god som mogleg, samtidig som vi legg planar for utprøving og utrulling av dei nye funksjonane hausten 2022.

Publiseringar

Sjå video av korleis løysinga verkar

Gevinster - Forenklet samfunnsøkonomisk analyse for Helsestasjon og skolehelsetjenesten.pdf

Samfunnsøkonomisk analyse for Digi helsestasjon

Sparar over 22 kroner per investerte krone

Les artikkelen i Computerworld

Om Digi helsestasjon

Les meir på nettstaden til KS

Kontakt

Atle Sandal

sekretariatet

e-post: atle.sandal@karabin.no

Sist oppdatert: 2. januar 2022