Status For DigiBarnevern juni 2022


KS etablerar no ei arbeidsgruppe på tvers av Digi nettverka. Gruppa skal bistå kommunane med anskaffinga av nytt fagsystem innan det kommunale barnevernet, og treng deltakarar med kompetanse innan innkjøp og fag. I tillegg vil det være behov for bistand frå diginettverka til spreiing og innføring når fagsystema er på plass. Digi Vestland bidreg med ressursar frå blant anna IKT Nordfjord.

Bakgrunn

Digi Barnevern er delt i to og består av ein statlig del og ein kommunal del.

1. Den statlige delen omhandler informasjonsmodell og meldingsformater, nasjonal portal for bekymringsmelding, begrep og rapporteringsbank, og barnevernfaglig kvalitetssystem.


  • Nasjonal portal for bekymringsmeldinger blei lansert 30

april 2020, og det er fleire kommuner i Digi Vestland som

har har tatt dette i bruk.


  • Rapporteringsbanken omhandlar å utvikle ein struktur for

behandling av begreper / begrepskatalog, og ein

innrapporteringsløysing, og eit sentralt og nasjonalt

barnevernregister som dei kommunale tenestene skal

rapportere til.

2. Den kommunale delen omhandlar fagsystem og innbyggertjenester. Sju av dei største kommunane i Noreg har allereie gått saman om ein felles anskaffing av fagsystem.


  • Barnevernfaglig kvalitetssystem omhandler rammeverket

som skal gje barnevernfaglig og juridisk kvalitetsstøtte.

Dette blei lansert i versjon ein, januar 2022, og er

tilgjengelig for systemleverandører.


  • Innbyggjartenester omhandlar digitale tenester som barn/unge og foreldre får tilgang til for å enkelt kunne medvirka i eigen sak, og løysinga lanseras i desember 2022.

Ein del av utfordringa kommunane no står overfor er at det kun er tre leverandørar av aktuelt fagsystem, den eine faser ut si kundestøtte frå januar 2023, og den andre utviklar eit nytt skybasert system i tråd med nye krav, og fasar ut det som er i bruk i dag frå januar 2025.

Konsekvensane er at ein står igjen med eit begrenset antall leverandørar som skal levera nytt fagsystem til barneverntenestene, og som etter anskaffing skal byggjas frå grunnen av til mange kommunar samstundes.

kommuner som ikkje allereie har gått til anskaffing av fagsystem må no begynne å planleggje dette, mest prekært er det for kommunar som brukar fagsystemet som fasar ut si kundestøtte allereie i 2023.