Felles kommunal journal

"Én innbygger - én journal"

Bakgrunn

Stortingsmeldinga «Én innbygger – én journal» sett tydelege mål for IKT-utviklinga i helse-Norge, og er bakgrunnen for Felles kommunal journal-prosjektet. Prosjektet er eitt av tre tiltak i arbeidet om å nå målet om ein innbyggjar – ein journal.

Mål

Målet med prosjektet er å gje innbyggjarane tryggare og betre helsetenester gjennom digitale verktøy som støtter arbeidskvardagen til helsepersonell. Felles kommunal journal er både eit tiltak som skal gje ei ny journalløysing for kommunale helse- og omsorgstenester og løysingar som knyter fastlege, legevakt, heimetenester og andre tenester betre saman med resten av helse-Norge. Prosjektet vil løyse behov knytt til dokumentasjon og yting av helsehjelp i kommunane og hos fastlege. Tiltaket skal i tillegg gje betre samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta.

Status desember 2021

I november 2021 la Felles kommunal journal (FKJ) fram eit diskusjonsunderlag, med ei overordna skildring av funksjonane dei ser føre seg at FKJ kan ha. Dei to hovuddelane består av ein plattform for lagring og deling av helseinformasjon og ein marknadsplass for aktørane i økosystemet.

Prosjektet jobbar med å hente inn informajson om kome i dialog med alle relevante partar, og utarbeide eit nytt styringsdokument som blir lagt fram hausten 2022. I tillegg til skildringar av sjølve løysinga, vil styringsdokumentet skildre tema som informasjonssikkerheit og personvern, strategi for gjennomføring og anskaffing, kostnads- og nytteberekningar samt styring og organisering.

Aktuelt

Kontakt

Eirik Tenfjord

Verksemdsutviklar

Telefon: 926 54 649

E-post: eirik@digihordaland.no